mini|Plasseringa til Izvestij TSIK-øyane i Karahavet mini| Izvestij TSIK-øyane (russisk Острова Известий ЦИК; Ostrova Izvetsij TSIK) eller Izvestiaøyane er ei øygruppe som betår av to store og to små øyar i Karahavet i Russland. Ho ligg om lag 150 km nord for kysten av Sibir og berre 45 km nord for den næraste øygruppa, Arktitsjeskij Institut-øyane. Ho er dekt av tundravegetasjon, grus og is.
Den største øya heiter Trojnoj og er 27 km lang. Havet omkring Izvestij TSIK-øyane er fylt av pakkis om vintere og det er mykje is i sjøen sjølv om sommaren. Sundet mellom øyane Pologij-Sergejeva og Gavrilina vert kalla Proliv Belukha.
Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.
Øyane er kalla opp etter Izvestija Tsentralnogo Ispolnitelnogo Komiteta, som var den fullstendige tittelen til avisa Izvestia.
Det ligg ein forskingsstasjon på øya Trojnoj.
Sjå òg Karahavet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 29. juli 2008. oppgav desse kjeldene: William Barr, Reinhard Krause og Peter-Michael Pawlik, The polar voyages of Captain Eduard Dallmann, whaler, trader, explorer 1830–96. Naturrresevat
Bakgrunnsstoff Forteljing frå ein ekspedisjon til øyane med bilete (russisk)
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Karahavet Kategori:Krasnojarsk kraj