Den europeiske kringkastingsunionen (DEK) eller EBU/UER (engelsk: European Broadcasting Union, fransk: Union Européenne de Radio-Télévision) er den største samanslutninga av nasjonale fjernsyns- og radioselskap i verda.

Bakgrunn EBU vart grunnlagt den 12. februar 1950 i Torquay i England, og slått saman med den austeuropeiske kringkastingsunionen International Radio and Television Organisation (OIRT) i 1993.

På fjernsynssida samarbeider ein med utveksling av nyhehendeinnslag og bilete gjennom den såkalla Eurovision. Dessutan står EBU for fleire felles sportsatsingar, som til dømes dei olympiske leikane som EBU har produsert sidan 1956. Eit av dei mest kjende EBU-arrangementa er Eurovision Song Contest, som har vore arrangert årleg heilt sidan 1956. mini|left|Medlemer i EBU Unionen har 119 medlemer frå 56 landMembers actifs , 8. september 2012 i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Den kjende signaturmelodien til EBU, «eurovisionshymna», er første delen av «Te Deum» av Marc-Antoine Charpentier.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kringkasting Kategori:Europa Kategori:Skipingar i 1950

Kategori:Internasjonale organisasjonar