Vladimir Ivanovitsj Voronin () var ein kaptein i den sovjetiske marinen, fødd i Sumskij Posad i dagens Republikken Karelen i Russland.

I 1932 var han kaptein på den sovjetiske isbrytaren «Aleksander Sibirjakov» som var det første skipet som segla heile Nordaustpassasjen utan å måtte overvintre. Denne reisa var organisert av det sovjetiske polarinstituttet. Reisa tok 65 dagar og skipet var mellom anna i drift i 11 dagar då propellskaftet braut sundt.

I 1933-1934 var han kaptein på ein annan polarekspedisjon på isbrytaren «Tsjeljuskin». Skipet hamna i pakkisen nær Koljutsjin i Tsjuktsjarhavet og mannskapet brukte nesten ei veke på å kome laus att. Skipet sette seg derimot fast i pakkisen igjen og dreiv mot Beringsundet. Mot slutten av november vart det klart at skipet ikkje kom til å kome seg laus igjen og dei innsåg at dei måtte overvintre. Etter kvart vart skipet skvist mellom store isfjell og stod i fare for å søkke. Voronin gav ordre om å laste av alt utstyr og sette opp ein leir bak skipet. Store sprekker oppstod derimot i isen under telta og mannskapet måtte laste utstyret tilbake på skipet. «Tsjljuskin» dreiv i to månader i Tsjuktsjarhavet aust for Wrangeløya. Til slutt vart skipet knust av isen. Voronin og

mini|venstre|Vladimir Voronin på russisk frimerke mini|Byste av Voronin i Arkhangelsk Otto Schmidt klarte akkurat å hoppe av i tide før det sokk nær Koljutsjin. Eit medlem av mannskapet mista livet. Mannskapet fekk radiokontakt med landsbyen Uelen på Tsjukotkahalvøya og mannskapet vart etter kvart redda. Redningsoperasjon tok over ein månad med fly på grunn av dårleg vêr.Cambridge University Press: "Discovery of the wreck of the Soviet steamer Chelyuskin on the bed of the Chukchi Sea", 2007

Voroninøya i Karahavet er kalla opp etter kapteinen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vladimir Voronin (Captain)» frå , den 14. august 2008. oppgav desse kjeldene: Armstrong, T., The Russians in the Arctic, London, 1958. Tidlege sovjetiske ekspedisjonar Russiske polekspedisjonar Voronin Trough

Kategori:Arktisfararar Kategori:Russiske polfararar Kategori:Karahavet Kategori:Laptevhavet Kategori:Aust-Sibir-havet Kategori:Tsjuktsjarhavet