Øystein Ovrum Rudi () er ein norsk spelemann frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen.
Biografi
Han starta å spele fele i Sør-Fron Spellemannslag i 1977. Dette skjedde først saman med Anton Amundgard og Arne Vangen. I 1981 vart Øystein med i Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester. Etter at gruppa vann Titanofestivalen i 1984 spela det omkring i heile Noreg. Med Nye Ringnesin fortsette Rudi med dansespeling frå 1986 og utover 1990-talet. Denne gruppa utvikla også etterkvart eit konsertrepertoar, og fekk dermed breiare oppdrag. Frå 1997 har gruppa KVARTS vore Rudi sitt musikalske hovedanker. Med denne gruppa har han hatt konsert, undervisning og dansemusikk som tema. Gruppa har gjeve ut tre CDar, der den første fekk Spellemannsprisen, og den andre vart nominert. Gruppa har hatt mange oppdrag i Noreg og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert. KVARTS har også lagd fleire bestillingsverk, og gruppa har Norsk kulturråds ensemblestøtte.
Øystein har vunne landskappleiken to gonger og har tre spellemannsprisar i klassa for folkemusikk. Ole Bull-akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. I 2009 vann han Storegutprisen saman med kona Nina for å ha vore vertskap på Rudi Gard i Gudbrandsdalen.
Diskografi Tittel Musikarar Utgjevingsår Steinsprang KVARTS 2006 Skal – skal ikkje KVARTS 2004 Milstein Sør-Fron Spelemannslag 2002 Filigran KVARTS 2001 Lie-Rudi-Rustad-Styve KVARTS 1999 Leik Nye Ringnesin 1999 Frå vals til vise Nye Ringnesin 1995 Fjelljenta Nye Ringnesin 1991 Den lykkelige frier Sør-Fron spelemannslag 1991 Takk for i sommer Karsrud og Nermoens gåmmåldansorkester 1986 Dans i Krogenæsstuggun Karlsrud og Nermoens gåmmåldansorkester 1983
Bakgrunnsstoff
Heimesida til KVARTS
Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Sør-Fron Kategori:Vinnarar av Storegutprisen