Ole Martin Ellefsæter () var ein norsk langrennsløpar og friidrettsutøvar. Ellefsæter var fødd på Furnes i Ringsaker.
Under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1966 vann Ellefsæter gull på 4 x 10 km stafett, og sølv på 15 km. Han vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1968 i Grenoble, både 50 km og 4 x 10 km stafett. I 1971 vart han den første nordmannen til å vinne Vasaloppet. Av norske utøvarar er det berre Anders og Jørgen Aukland som elles har vunne dette løpet.
Ellefsæter deltok òg i friidrett og vann 3 000 meter hinder heile 6 gongar på rad under noregsmeisterskapa 1960-1965.http://www.friidrett.no/friidrett/statistikk/nm/m3000h.htm Han hadde ei personleg bestetid på 8:43.8 minutt, som han oppnådde på Bislett stadion i juni 1962.
Ole Ellefsæter vart tildelt Egebergs Ærespris i 1965 og Holmenkollmedaljen i 1967, som han delte med Toini Gustafsson. I tillegg fekk han Fearnleys olympiske ærespris etter OL i 1968.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Statistikk hjå fis-ski.com Vinnere av Holmenkollrennene - pdf Holmenkollmedaljen - pdf
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske visesongarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Ringsaker