Bernt Sverre Evensen () var ein norsk skøyteløpar og syklist. Han slo igjennom for fullt som skøyteløpar i 1927, då han vann både NM, EM og VM i eit og same år. Evensen er den første nordmann som vann olympisk gull, ved å vinne 500 m under Vinter-OL 1928 i St. Moritz. Dette var forøvrig ein siger han delte med den finnske skøyteløparen Clas Thunberg. Under dei same leikane, vann Evensen også sølv på 1,500 m og bronse på 5,000 m. På 10,000 m var han på ein førebels andreplass, 0,1 sekund bak Irving Jaffee, då løpet måtte stoggast grunna mildvær.

Under Vinter-OL 1932 i Lake Placid, kom Evensen på ein andreplass på 500 m. Han og Ivar Ballangrud var dei einaste europeiske skøytekøparane under desse leikane. Dette kan nok skuldast på at løpa vart arrangert i amerikansk pack-stil, der alle skøyteløparane starta samtidig. Dette var eit format som var ukjend for euopeiske skøytarar flest.

Som syklist vann Evensen 11 norske meisterskap. I 1928 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Etter den andre verdskrigen var Evensen ei stund trenar for Oslo Skøiteklub.

Bakgrunnsstoff Bernt Evensen hjå SkateResults.com Evert Stenlund sine sider om Adelskalenderen Historiske verdsrekordar frå International Skating Union Medaljestatistikk frå Norges Skøyteforbund - pdf

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1928 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1932 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1932 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1932 Kategori:Folk frå Oslo