Jakamarar, Galbulidae, er ein familie som lever Sør-Amerika og Sentral-Amerika nord til Mexico. Dei 18 artane er nærmast relatert til dovenfuglar og saman dannar dei ordenen Galbuliformes. Generelt er dette låglandsfuglar, dei fleste med habitat i skog eller i randsona av skog, gjerne i lauvtaket.

Jakamarar er små til mellomstore fuglar frå 14 til 34 cm lange og veg mellom 17 og 75 g. Dette er skinande elegante fuglar med langt nebb og lang stjert. I utsjånad og åtferd kan dei minne om bietarar i «den gamle verda», men som dei fleste insektetarar som fangar insekt i lufta har bietarar tendens til å ha korte breie nebb i motsetnad til lange tynne hos jakamarar. Beina er korte og svake, og føtene har første og fjerde tå bakovervendt. Fjørdrakta er ofte lys og svært glinsande, sjølv om nokre artar har meir kjedeleg drakt. Det er mindre kjønnsbaserte ulikskapar i drakta, hannane har ofte ein kvit brystflekk som hoene manglar.

Jakamarar er insektetarar og tar ulike bytte i lufta, mange spesialiserer seg på sommarfuglar og møll. Fuglane kan sitte stille og åtake byttet når det er nært nok. Storjakamar er atypisk ved at han plukkar stillesittande insekt og dessutan tar små øgler og edderkoppar.

Det finst få grundige studiar av hekkevanar til jakamarar. Ein trur dei generelt er monogame, sjølv om nokre få artar organiserer seg i samarbeidande hekking kor fleire vaksne deler plikter. Fuglane er hòlerugarar med reir enten i bakken eller i termittuer i skogshabitat. Dei som hekkar i jorda gjer det vanlegvis i elvebreidda eller i vegkantar. Dei kan òg grave hòl ved opprivne røter i nedfallsskog. Ved elvebreiddene kan hekkinga somme tider vere i lausare koloniar. Storleiken på kulla varierer frå eitt til fire egg, begge foreldra medverkar i ruginga. Til skilnad frå spettar så er ungane kledde med dunfjør når dei vert klekte. __NOTOC__ Artsliste Jakamarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Galbalcyrhynchus Kvitøyrejakamar, Galbalcyrhynchus leucotis, White-eared Jacamar, LC, Des Murs, 1845 Kastanjejakamar, Galbalcyrhynchus purusianus, Purus Jacamar, LC, Goeldi, 1904

Slekt Brachygalba Kvitmaskejakamar, Brachygalba albogularis, White-throated Jacamar, LC, Spix, 1824 Brunjakamar, Brachygalba lugubris, Brown Jacamar, LC, Swainson, 1838 Bleikhovudjakamar, Brachygalba goeringi, Pale-headed Jacamar, LC, Sclater & Salvin, 1869 Mørkryggjakamar, Brachygalba salmoni, Dusky-backed Jacamar, LC, Sclater & Salvin, 1879

Slekt Jacamaralcyon Tretåjakamar, Jacamaralcyon tridactyla, Three-toed Jacamar, VU, Vieillot, 1817

Slekt Galbula Gulnebbjakamar, Galbula albirostris, Yellow-billed Jacamar, LC, Latham, 1790 Blånakkejakamar, Galbula cyanicollis, Blue-cheeked Jacamar, LC, Cassin, 1851 Rusthalejakamar, Galbula ruficauda, Rufous-tailed Jacamar, LC, Cuvier, 1816 Grønhalejakamar, Galbula galbula, Green-tailed Jacamar, LC, Linné, 1766 Kvithakejakamar, Galbula tombacea, White-chinned Jacamar, LC, Spix, 1824 Blåpannejakamar, Galbula cyanescens, Bluish-fronted Jacamar, LC, Deville, 1849 Koparjakamar, Galbula pastazae, Coppery-chested Jacamar, VU, Taczanowski & Berlepsch, 1885 Purpurjakamar, Galbula chalcothorax, Purplish Jacamar, LC, Sclater, 1855 Bronsejakamar, Galbula leucogastra, Bronzy Jacamar, LC, Vieillot, 1817 Paradisjakamar, Galbula dea, Paradise Jacamar, LC, Linné, 1758

Slekt Jacamerops Storjakamar, Jacamerops aureus, Great Jacamar, LC, Müller, 1776

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacamar» frå , den 27. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar med jakamarar

Kategori:Jakamarfamilien Kategori:Galbuliformes Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen