Karatsjaj (russisk Карачай) er ein liten innsjø sør i Uralfjella vest i Russland. Frå 1951 starta Sovjetunionen å dumpe radioaktivt avfall i Karatsjaj frå Majak, det nærliggande lageret og opparbeidingsanlegget for radioaktivt avfall, nær byen Oziorsk (då kalla Tsjeljabinsk-40).
I følgje Worldwatch Institute frå Washington, D.C. sin rapport om radioaktivt avfall er Karatsjaj «den mest forureina staden på jorda».Lenssen, "Nuclear Waste: The Problem that Won't Go Away", Worldwatch Institute, Washington, D.C., 1991: 15. Innsjøen tok opp om lag 4,44 exabecquerel (EBq) med radioaktivitet,Tsjeljabinsk-65 inkludert 3,6 EBq av cesium-137 og 0,74 EBq av strontium-90. Til samanlikning førte Tsjernobylulukka til eit utslepp på 5 til 12 Ebq radioaktivitet, men denne strålinga var ikkje konsentrert på ein stad.
Strålingsnivået i regionen i området nær der det radioaktive avfallet vert slept ut i innsjøen var 600 røntgen per time i 1990NRDC (Nuclear Program Staff Publication)Wise Nc; Soviet Weapons Plant Pollution, som er meir enn nok til å ta livet av eit menneske i løpet av ein time.
Det radioaktive avfallet i Karatsjaj truar Nordishavet og kan flytte seg rundt halve jorda om det for alvor kjem ut i havet.Sandia National Lab - Advanced Simulation and Computing Contamination Sites
Historie I 1960-åra byrja innsjøen å tørke ut og arealet fall frå 0,5 km² i 1951 til 0,15 km² mot slutten av 1993.http://www.seattle.battelle.org/RussReg/ResourceCenter/MayakChemicalCombine-RusslandPlutonium.htm I 1968 etter ein tørkeperiode i regionen, førte vinden med seg radioaktivt støv bort frå dei uttørka områda av innsjøen og bestrålte ein halv million menneske med 185 petabecquerel stråling.
Mellom 1978 og 1986 vart innsjøen fylt med nesten 10 000 hole betongblokker for å hindre at sedimenta flytta seg. Innsjøen er i dag heilt dekt med betong.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Karachay» frå , den 29. august 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Radioaktivt avfall