mini|Jordnære og jordfjerne

Apsis er det punktet i ein elliptisk bane der ein lekam er lengst borte eller nærast senteret han roterer kring, som vanlegvis er massesentrumet til systemet.

Punktet som ligg nærast vert kalla periapsis og punktet som ligg lengst borte apoapsis eller apapsis. Ei rett linje som går gjennom periapsis og apoapsis vert kalla apsislinja. Dette er den store aksen i ein ellipse, altså den lengste linja ein kan trekkje gjennom ein ellipse.

For ein lekam i bane er det mest vanleg å nytte uttrykka perigé, perigeum eller jordnære og apogé eller jordfjerne om lekamar som krinsar rundt jorda (av gresk γη gê «jord»), og aphel, aphelium eller solfjerne og perihel, perihelium eller solnære om lekamar som krinsar rundt sola (av gresk (Greek ‘ήλιος hēlios «sol»). Under Apollo-programmet vart uttrykka pericynthium og apocynthium nytta om krinsløp rundt månen.

Formel mini|Eit skjema av ein keplersk banelekam. F Periapsis, H Apoapsis og den raude linja mellom dei er apsislinja Følgjande formlar viser eigenskapar ved periapsis og apoapsis i ein bane:

Periapsis: største fart ved minste (periapsis) avstand Apoapsis: minste fart ved største (apoapsis) avstand

i følgje Keplerlova for planetære rørsler (bevaring av vinkelmoment) og bevaring av energi er desse storleikane konstant for ein viss bane: spesifikt relativt vinkelmoment spesifikk baneenergi

der: er store halvakse er standard tyngdeparameter er eksentrisitet, definert som

Det aritmetiske middeltalet av lengdene til apoapsis og periapsis er lengda av den store halvaksen . Det geometriske gjennomsnittet av dei to lengdene er lengda til den vesle halvaksen .

Det geometriske gjennomsnittet av dei to grensesnøggleikane er , farten som tilvarar ein kinetisk energi som må leggast til kor som helst i banen for at lekamen skla klare å bryte ut av krinslaupet (kvadratrota av produktet av dei to snøggleikane er den lokale unnsleppingsfart).

Terminologi Uttrykka perisenter og aposenter vert stundom nytta, men periapsis og apoapsis er helst det faglege uttrykket som vert nytta.

Det vert òg nytta forskjellige uttrykk for forskjellige himmellekamar. '-ge', '-helium', '-astrum' og '-galaktikum' er former som ofte vert nytta innan astronomi. Endinga '-ge' vert ofte nytta generelt om «nærast ein planet», sjølv om det teknisk sett er feil uttrykk sidan '-ge' refererer til jorda.

Himmelekam Næraste punkt Fjernaste punkt Galakse Perigalaktikum Apogalaktikum Stjerne Periastrum Apastrum Svart hol Perimelasma/Peribothra/Perinigrikum Apomelasma/Apobothra/Aponigrikum Sola Perihelion Aphelion Merkur Periherm Apoherm Venus Perikyther/Perikrit Apokyther/Apokrit Jorda Perigé Apogé Månen Periselen/Perikynth/Perilun Aposelen/Apokynth/Apolun Mars Periare Apoare Jupiter Perizen/Perijov Apozen/Apojov Saturn Perikron/Perisaturn Apokron/Aposaturn Uranus Periuran Apouran Neptun Periposeid Apoposeid Pluto Perihad Apohad

Perhel og apehel for jorda

Jorda er nærast sola tidleg i januar og lengst borte tidleg i juli. Forholdet mellom perihel og aphel og årstidene på jorda endrar seg i ein syklus som varer 21 000 år. Denne presesjonen medverkar til periodiske klimaendringar (sjå Milankovitch-syklus).

Dato og klokkeslett for dei neste hendingane er:Earth's Seasons Equinoxes, Solstices, Perihelion, and Aphelion - 2000-2020 — U.S. Naval Observatory, Astronomical Applications Department. År Perihel Aphel20094. januar 15Z4. juli 02Z20103. januar 00Z6. juli 11Z20113. januar 19Z4. juli 15Z20125. januar 00Z5. juli 03Z20132. januar 05Z5. juli 15Z20144. januar 12Z4. juli 00Z20154. januar 07Z6. juli 19Z20162. januar 23Z4. juli 16Z

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Apsis» frå , den 31. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Celestmekanikk Kategori:Astrodynamikk