mini|Bok-kuler i H II-regionen IC 2944. Biletet er teke av Hubble-teleskopet. mini|Det kolsvarte området til høgre for stjerna er ei bok-kula. Biletet er teke av Hubble-teleskopet og viser stjerna V380 Orionis med den tilhøyrande refleksjonståka NGC 1999. Bok-kuler, òg kalla globule, er mørke og kalde skyer av støv og gass so tette at dei stengjer for alt lys som kjem bakanifrå.«Hubble Takes a Close-up View of a Reflection Nebula in Orion» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av refleksjonståka NGC 1999. Bok-kuler er å finna i H II-regionar«Thackeray's Globules in IC 2944» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av IC 2944., som er område med aktiv stjernedanning, og det er anteke at det kan føregå stjernedanning inne i sjølve bok-kulene.

Namnet kjem frå den nederlandsk-amerikanske astronomen Bart Bok som var den første til å skildra desse objekta i ein publikasjon i 1947.

Kjelder

Kategori:Gasståker