Country er ein populær musikksjanger frå USA som sprang ut frå landsbygda i Sørstatane i 1920-åra.Peterson, Richard A. (1999). Creating Country Music: Fabricating Authenticity, p. 9. ISBN 0-226-66285-3. Han har røter frå western cowboy-musikk og USA-amerikansk folkemusikk frå søraustlege delar av landet. Country består ofte av balladar og dansemelodiar med generelt enkle former og harmoniar akkompagnert av hovudsakleg strengeinstrument som banjo, elektrisk og akustisk gitar, fele og munnspel.Country music - Definition from WordWeb http://wordweb.info/free/

Omgrepet «country» eller «countrymusikk» vart populært i 1940-åra då det tok over for det tidlegare omgrepet «hillbillymusikk». «Country» vert i dag nytta til å skildra mange forskjellige countrysjangrar og undersjangrar.

Country har produsert to av dei mestseljande soloartistane gjennom tidene. Elvis Presley, som i starten vart kjend som «The Hillbilly Cat» og som var fast på radioprogrammet Louisiana Hayride,http://www.jim-reeves.com/hayride.html Jim-reeves.com vart ein av dei som definerte rock 'n' roll. Garth Brooks er den mestseljande soloartisten i amerikansk historie.

Medan albumsala i dei fleste musikksjangrar har gått nedover hadde country sitt beste salsår i 2006, då salet i USA auka med 17,7 % til 36 millionar i løpet av det første halvåret.http://www.roughstock.com/history/garthnew.html Roughstock.comL.A. radio loses its twang

Tidleg historie mini|upright|Ryman Auditorium, «Mother Church of Country Music» Innvandrarar til dei sørlege Appalachane i Nord-Amerika har ført med seg musikk og instrument frå områda dei kom frå i nesten 300 år. Dei tok med seg det mest verdifulle dei hadde, og for dei fleste av dei var dette eit musikkinstrument: «Tidlege skotske nybyggjarar likte fela fordi dei kunne spele ho slik at ho høyrdest trist og sørgmodig ut eller lys og lett.»Gish, D.L. Country Music. North Mankato, MN: Smart Apple Media, 2002.Print. Den irske fela, den tyske langeleiken, den italienske mandolinen, den spanske gitaren og den vestafrikanske banjoen var dei vanlegaste instrumenta. Etter kvart som musikarar frå forskjellige folkegrupper byrja å spele saman, produserte dei musikk som var unik for denne delen av Nord-Amerika. Appalachiske string band tidleg på 1900-talet bestod hovudsakleg av fele, gitar og banjo. Denne tidlege countrymusikken, i lag med tidlege innspelingar av country, vert ofte kalla «oldtime».

I følgje Bill Malone i Country Music U.S.A vart country «introdusert for verda som eit sørleg fenomen.»Malone, Bill. Country Music U.S.A. Austin: University of Texas Press, 2002. Print. I Sørstatane var folkemusikken ein kombinasjon av kulturelle tonar, der musikalske tradisjonar frå forskjellige folkegrupper i regionen vart kombinert. Til dømes vart somme instrumentale stykke frå britiske og irske innvandrarar grunnlaget for folkeviser og balladar som er ein del av det ein kallar oldtime, som country nedstamma frå. Det er vanleg å tru at britisk og irsk folkemusikk i stor grad påverka utviklinga av oldtime i dei sørlege Appalachane, der dei tidlegare europeiske nybyggjarane hovudsakleg kom frå Nord-England, Dei skotske låglanda og Ulster i Irland.David Hackett Fischer, Albion's Seed: Four British Folkways in America, s.618-621

Ofte når folk tenkjer eller høyrer på country, tenkjer dei at det er skapt av europeiske amerikanarar. Men mykje av stilen - og banjoen, eit viktig instrument i mange tidlege amerikanske folkeviser - kom frå afroamerikanarar. At country vart skapt av afroamerikanarar, i tillegg til europeiske amerikanarar, kjem mellom anna av svarte og kvite i jordbrukssamfunna i Sørstatane ofte arbeidde og spelte i lag, som DeFord Bailey fortel. I PBS-dokumentaren DeFord Bailey: A Legend Lost. Den viktige svarte gitaristen Arnold Schultz, som er kjend for å ha popularisert tommelstilen, eller Travis-plukking, spelte med kvite musikarar i det vestlege og sentrale Kentucky.The encyclopedia of country music: the ultimate guide to the music By Paul Kingsbury, Country Music Hall of Fame and Museum. 2004. Oxford Press. page 484.

Gjennom 1800-talet flytta fleire innvandrargrupper frå Europa, hovudsakleg Irland, Storbritannia, Tyskland, Spania og Italia, til Texas. Desse gruppene hadde kontakt med spanjolar, meksikanarar, det amerikanske samfunnet som alt eksisterte her og urfolk. Som følgje av dette samlivet har Texas utvikla unike kulturelle eigenskapar med røter i kulturen til samfunna som slo seg ned her.

Nybyggjarane frå område som Tyskland og Tsjekkia oppretta store dansesalar der bønder og byfolk frå nabolaget kunne samlast, danse og feste i lag. Musikken som vart spelt i desse dansesalane kom frå Europa og inkluderte vals og polka spelt på eit trekkspel, eit instrument opphavleg frå Italia, som var det einaste som gav nok lyd til å fylle heile lokalet.

1920-åra mini|upright|Vernon Dalhart

Musikkmiljøet i Atlanta spelte ei stor rolle i å lansere dei første plateartistane i country tidleg i 1920-åra. Mange folk frå Appalachane hadde kome til byen for å arbeidde i bomullsfabrikkane og tok musikken sin med seg. Det var eit stort platesenter dei neste tjue åra og eit stort senter for framføring av musikken dei neste førtiåra, fram til dei første countryshowa på fjernsyn på lokale stasjonar i Atlanta i 1950-åra.Wayne W. Daniel, Pickin' on Peachtree: a History of Country Music in Atlanta, Georgia

Somme plateselskap i Atlanta gav tidlege artistar som Fiddlin' John Carson avslag, medan andre forstod at musikken hans ville passer perfekt med livsstilen til jordbruksarbeidarane i landet.Richard, Crawford. America's musical life a history. New York: Norton, 2001. Print. Den første kommersielle innspelinga av det som vert rekna som country var «Arkansas Traveler» og «Turkey in the Straw» av felespelarane Henry Gilliland & A.C. (Eck) Robertson den 30. juni 1925 for Victor Records. Old-Time Fiddlers Hall of Fame. Columbia Records starta å gje ut plater med «hillbilly»-musikk (serien 15000D «Old Familiar Tunes») så tidleg som 1924.78discography.com The Online Discography Project.

To år tidlegare, 14. juni 1923, spelte Fiddlin' John Carson inn «Little Log Cabin in the Lane» for Okeh Records. Vernon Dalhart var den første countrysongaren som hadde ein nasjonal hitt i mai 1924 med «Wreck of the Old '97». På andre sida av plata var «Lonesome Road Blues», som òg vart veldig populær. I april 1924 vart «Aunt» Samantha Bumgarner og Eva Davis dei første kvinnelege musikarane som spelte inn og gav ut countrysongar.

Mange «hillbilly»-musikarar, som Cliff Carlisle, spelte inn bluessongar gjennom tiåretCountry Music Originals - The Legends and the Lost. Tony Russell. 2007. Oxford University Press. pages 14, 15, 25, 31, 45, 59, 73, 107, 157, 161, 165,167, 225. ISBN 978019532506. og inn i 1930-åra. Andre viktige artistar med tidlege innspelingar av Riley Puckett, Don Richardson, Fiddlin' John Carson, Uncle Dave Macon, Al Hopkins, Ernest V. Stoneman, Charlie Poole and the North Carolina Ramblers og The Skillet Lickers. Steelgitaren kom inn i countrymusikken så tidleg som i 1922, då Jimmie Tarlton møtte den kjende hawaiiske gitaristen Frank Ferera på vestkysten.Cohn, Lawrence: «Nothing But the Blues», A Ligher Shade of Blue - White Country Blues av Charles Wolfe s. 247, 1993

Jimmie Rodgers og The Carter Family vert ofte rekna som grunnleggjarane av moderne country. Songane deira var først spelt inn under ei historisk plateinnspeling i Bristol i Tennessee eller Bristol i Virginia den 1. august 1927, der Ralph Peer var talentspeidar og plateinnspelar.Country Music Originals - The Legends and the Lost. Tony Russell. 2007. Oxford University Press. s. 68. ISBN 978019532506David Sanjek, "All the Memories Money Can Buy: Marketing Authenticity og Manufacturing Authorship", s. 155–172 i Eric Weisbard, ed., This is Pop, Harvard University Press, 2004. ISBN 0-674-01321-2 (cloth), ISBN 0-674-01344-1 (paper). s. 158. Ein scene i filmen O Brother, Where Art Thou? er basert på denne hendinga.

Rodgers blanda hillbillycountry, gospel, jazz, blues, pop, cowboy og folkemusikk; og mange av dei mest kjende songane skreiv han sjølv, som «Blue Yodel», som selde over ein million plater, gjorde Rodgers til den største stjerna i tidleg country.Nothing But the Blues 1993, White Country Blues by Charles Wolfe s. 233

Frå 1927 og dei neste 17 åra spelte Carter-familien inn om lag 300 oldtime-balladar, tradisjonelle songar, countrysongar og salmar, som alle representerte søraustamerikansk folkeminne og kulturarv.The Carter Family, southernmusic.net

1930- og 1940-åra mini|venstre|«Pistol Packin' Mama», skriven av Jimmie Rodgers og framført av Al Dexter and his Troopers i 1943.

På grunn av den store depresjonen vart det stadig seld færre plater. I staden vart radio og kringkasting populære underhaldningskjelder og «låvedans-show» der det vart spelt countrymusikk starta i dei sørlege statane og etter kvart heilt til Chicago i nord og California i vest.

Det viktigaste av desse programma var Grand Ole Opry frå 650 WSM i Nashville. Dei første sendingane starta i 1925 og programmet er i dag det radioprogrammet som har gått lengst i verda. Nokre av dei tidlegaste stjernene på Opry var Uncle Dave Macon, Roy Acuff og den afroamerikanske munnspelaren DeFord Bailey. WSM hadde eit signal på 50 000 watt (1934) og gjorde at nesten heile landet kunne få inn kanalen.

Mange musikarar framførte og spelte inn songar i mange forskjellige stilar. Moon Mullican spelte til dømes western swing, men òg songar ein kan kalle rockabilly. Mellom 1947 og 1949 hadde country-vokalisten Eddy Arnold åtte songar på Topp 10 i USA.Billboard.com Billboard.com

Syngande cowboyar og western swing I 1930- og 1940-åra vart cowboysongar eller «western», som hadde vorte spelte inn sidan 1920-åra, populære gjennom Hollywood-filmar. Nokre av dei populæra cowyboysongarane frå denne perioden var Gene Autry, The Sons of the Pioneers og Roy Rogers. Country & western vart ofte spelt i lag på dei same radiostasjonen og fekk derfor namnet country & western-musikk.

Det var ikkje berre cowboyar, men også «cowgirls» som medverka til stilen i forskjellige familiegrupper. Patsy Montana opna døra for kvinnelege artistar songen «I Want To Be a Cowboy's Sweetheart». Dette vart starten på det som gav kvinner høvet til å ha suksessrike solokarrierar.

Ein annan countrymusikar frå prærien, som hadde vorte populær som leiaren av ei countrygruppe og som medverka i westernfilmar frå Hollywood, var Bob Wills. Blandinga hans av country og jazz starta som dansesalmusikk og vart etter kvart kjend som western swing. Spade Cooley og Tex Williams hadde òg særs populære band og medverka i filmar. Då han var mest populær konkurrerte western swing med storbandjazz.

Nye instrument Trommer vart ikkje nytta i tidleg countrymusikk fordi det vart rekna som «for høglydt» og «ikkje ekte», men i 1935 la western swing og bigband-leiaren Bob Wills til trommer i The Texas Playboys. I midten av 1940-åra ønskte ikkje Grand Ole Opry at trommeslagaren i The Playboys skulle delta på scenen. Sjølv om trommer vart vanleg hos rockabillygrupper i 1955 heldt Louisiana Hayride, som var mindre konservative enn Grand Ole Opry, trommeslagaren sin back scenen så seint som 1956. Tidleg i 1960-åra hadde derimot vorte sjeldan med countryband utan trommer.Instruments | Country Music Hall of Fame and Museum|Nashville, Tennessee