Vestby er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen ligg i regionen Follo sør i Akershus. Han grensar til Moss, Indre Østfold, Våler, Ås og Frogn kommunar. Dei viktigaste tettstadane er Vestby, Son, Hølen, Hvitsten og Garder.
Hølen vart innlemma i kommunen i 1943. Vedtaket vart stadfesta etter at okkupasjonen under den andre verdskrigen tok slutt. Vedtak frå krigsåra var i utgangspunktet rekna for å vera ugyldige. Son vart lagt til Vestby i 1965. I ei folkerøysting før for kommunesamanslåinga var det stort fleirtal mot samanslåing mellom innbyggjarane i Son. Folkerøystinga vart til slutt ikkje teke omsyn til.
Kjende personar frå Vestby kommune Johan Herman Wessel, avdød forfattar Caspar Wessel (1745-1818), matematikar Svend Wam, avdød filmregissør Heidi Marie Kriznik (f. 1970), forfattar, voks opp i Vestby, fødd i Oslo Siren Sundby, siglar Bård Vegar Solhjell, politikar og statsråd
Bakgrunnsstoff Vestby kommune (Offisiell nettstad)
mini|venstre|Vestby kyrkje
Kategori:Kommunar i Akershus