mini|Ein bit av tunellsystemet til LHC mini|Kart over plasseringa til LHC (grøn ring) Large Hadron Collider, forkorta LHC, er verda sin største og kraftigaste partikkelakselerator bygd av CERN.«How the LHC works» - info frå heimesida til CERN. LHC ligg rundt 100 meter under jorda nær Genève. Forskarar vil med LHC freista å gjenskapa forholda like etter Big Bang ved hjelp kolliderande hadron (her i form av proton og blyion heilt utan elektron«CERN FAQ - LHC the guide» - PDF-dokument med info om LHC frå CERN.). Partiklane blir akselererte ved hjelp av superleiande magnetar.

Den første partikkelstrålen fullførte 10. september 2008 ein runde gjennom dei 27 kilometrane med røyr som utgjer akseleratoren.«First beam in the LHC - accelerating science» - pressemelding frå CERN

Bakgrunnsstoff

Sida om LHC hos CERN

Kjelder

Kategori:CERN Kategori:Partikkelakseleratorar Kategori:Undergrunnslaboratorium Kategori:Fysikk utover standardmodellen Kategori:Partikkelfysikkanlegg