Det er mange kandidatar til kva song som kan kallast den første rock and roll-songen og det er omdiskutert om det i det heile tatt finst ein slik song. Som alle former for musikk har har rock and roll mange og djupe røter, men det er klart at rock and roll utvikla seg i perioden mellom 1916 – då orda «rockin' and rollin'» første gong vart høyrt på plate – og 1956, då «rock and roll» hadde vorte ein internasjonal musikksjanger og eit samfunnsmessig fenomen.

Opphav til rock and roll

Musikalsk og samfunnsmessig oppstod rock and roll i USA seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra. På denne tida vart det gjort mange blandingar mellom country (hovudsakleg spelt og høyrt på av kvite folk), western swing og rhythm and blues, som igjen bestod av fleire sjangrar (som t.d. jump blues, Chicagoblues og doo-wop) og som hovudsakleg vart spelt av og høyrt på av svarte folk. Desse musikalske blandingane på tvers av sjangergrensene kom mellom anna av dei delte opplevingane under den andre verdskrigen, at musikken vart spreidd på radio og auka platesal. Fleire plater frå denne tida er ofte omtalt som «den første rock 'n' roll-plata». Av desse finn ein: Wynonie Harris sin «Good Rockin' Tonight» (1947) «Rock the Joint» – anten originalversjonen frå 1949 av Jimmy Preston, eller 1952-utgåva til Bill Haley «Rocket 88» - igjen anten Jackie Brenston sin original i lag med Ike Turner and the Kings of Rhythm, eller Bill Haley si utgåve, begge i 1951. Bill Haley sin «Rock Around the Clock» (1954) Elvis Presley sin «That's All Right (Mama)» (1954)

Det er derimot mange andre kandidatar, og mange trådar som til saman førte fram til rock and roll kan sporast tilbake til tidlegare plater. Boka What was the first rock'n'roll record av Jim Dawson og Steve PropesJim Dawson and Steve Propes, What Was The First Rock'n'Roll Record, 1992, ISBN 0-571-12939-0 diskuterer 50 mogeleg songar, frå Illinois Jacquet sin «Blues, Part 2» (1944) til Elvis Presley sin «Heartbreak Hotel» (1956), utan at dei kjem fram til ein endeleg konklusjon.

I 2004 oppstod ein debatt mellom Elvis sine tilhengjarar, samt mange i musikkindustrien, som hevda at «That's All Right Mama» var den første rock and roll-songen, og dei som hevda at Bill Haley sin «Rock Around the Clock» var den første. Begge desse hadde 50-årsjubileum dette året. Musikkmagasinet Rolling Stone tok det kontroversielle valet å utrope Elvis sin song til den første rock and roll-innspelinga.

Elvis sjølv ville derimot ikkje vore eining. I boka si Race, Rock and Elvis siterer Michael T. Bertrand han på dette emnet:

Mogelege kandidatar til «den første rock and roll-plata»

Songane i lista under er med anten på grunn av tekstinnhaldet, medan andre er med på grunn av melodiske, harmoniske eller rytmiske faktorar som gjer at dei kan verte rekna som ein rock 'n' roll-song. Lista inneheld ikkje berre musikk frå tidleg i 1950-åra, men òg songar som var forgjengarar til songar som vart kjend som rock and roll.

1910-åra 1916 Første gongen uttrykket «rocking and rolling» vart spelt inn på late ser ut til å ha vore Little Wonder Records # 339, «The Camp Meeting Jubilee» av ein ukjend mannleg vokalkvartett.Little Wonder Records, Bubble Books, Emerson, Victor, Harper, Columbia, Waterson, Berlin and Snyder Denne songen har tekstlinja «We've been rockin' an' rolling in your arms / Rockin' and rolling in your arms / In the arms of Moses.» Men innhaldet er her tydeleg religiøst og ikkje verdsleg. 1920-åra 1922 «My Man Rocks Me (With One Steady Roll)» av Trixie Smith. Sjølv om han vart spelt med etterslag og var ein av dei første «around the clock»-tekstane, var dette ein saktegåande blues i moll, og var ikkje rock and roll slik ein ser på sjangeren i dag. Tittelen viser derimot til den opphavlege seksuelle tydinga av orda rock og rollTrixie Smith

1927 «Kansas City Blues» av Jim Jackson. Dette var ein populær bluessong og kanskje ein av dei første platene som selde over ein million eksemplar.Trail of the Hellhound: Jim JacksonPeter J. Silvester, A Left Hand Like God : a history of boogie-woogie piano (1989), ISBN 0-306-80359-3. Melodilinja vart nytta om igjen og utvikla av Charlie Patton («Going To Move To Alabama») og Hank Williams («Move It On Over») før han dukka opp i «Rock Around The Clock». Tekstinnhaldet kom òg før Leiber og Stoller sin «Kansas City». Han inneheld tekstlinja «It takes a rocking chair to rock, a rubber ball to roll», som Bill Haley seinare nytta i hans «Sundown Boogie» frå 1952.

1928 «It's Tight Like That» av Tampa Red med pianist Georgia Tom (Thomas A. Dorsey) var ei populær, tidleg hokum-plate, som kombinerte slibrig landleg humor med sofistikerte musikalske teknikkar. Med Chicago Five vart seinare Tampa Red seinare ein pioner innan «Bluebird»-sounden, medan Dorsey vart «gospelmusikken sin far». «Pine Top's Boogie Woogie» av Clarence «Pinetop» Smith var ein av dei første boogie-woogie-innspelingane og den første som hadde den klassiske rock and roll-referansen til «the girl with the red dress on» som vart fortalt «not move a peg» før ho kunne «shake that thing» og «mess around». Smith sin melodi kom igjen frå Jimmy Blythe sin «Jimmy's Blues» frå 1925..

1930-åra 1932 «Tiger Rag» av The Washboard Rhythm Kings var ei innspeling nesten ute av kontroll med skrikande vokal, rare tigerbrøl og vaskebrett.allmusic Washboard Rhythm Kings Denne innspelinga er ein forgjengar for jugband og skifflegrupper som hadde den same ville, uformelle kjensla som tidleg rock and roll hadde. 1936 «Skippy Whippy» og «Hittin' The Bottle Stomp» av The Mississippi Jook Band var to særs rytmiske instrumentale innspelinga av ein trio på gitar, piano og tamburin, og hadde dei vorte spelt inn to tiår seinare med full forsterking hadde dei truleg vorte rekna som rock and roll.Blind Roosevelt Graves and Brother «Oh! Red» av The Harlem Hamfats var ein hitsingel av ei lita gruppe av jazz- og bluesmusikarar samla saman av J. Mayo Williams for at dei skulle lage ei suksessfull danseplate. Dei vart sett på som noko nytt då dei kom og formatet fekk stor innverknad. Fleire av innspelingane til gruppa hadde mange referansar til sex og dop.Plateomslaget til Let's Get Drunk And Truck, Fabulous FABCD 253, 2003 «I Believe I'll Dust My Broom», «Crossroad Blues» og andre innspelingar av Robert Johnson. Sjølv om han ikkje var særleg suksessrik på denne tida påverka han direkte utviklinga av chicagoblues og då han vart gjeve ut på ny i 1960-åra hadde han stor innverknad på rockemusikarar på denne tida.

1937 «Sing, Sing, Sing» av Benny Goodman (skriven av Louis Prima) hadde fleire tromme-breakar av Gene Krupa, som både musikalsk og som underhaldar var ein forgjengar for trommeslagarar i rock and roll.

1938 Sister Rosetta Tharpe (sjå òg under 1942) spelte inn den første hitten sin, «This Train». «Ida Red» av Bob Wills and the Texas Playboys, eit western swing-band med Eldon Shamblin på elektrisk gitar. Songen vart seinare omgjort av Chuck Berry som «Maybellene»Bob Wills «Roll 'Em Pete» av Pete Johnson og Joe Turner var ein uptempo boogie woogie med handklapping som markerte etterslaget.Nick Tosches, Unsung Heroes Of Rock'n'Roll, 1991, ISBN 0-436-53203-4

1939 «Rockin' Rollin' Mama» av Buddy Jones, ein 12-taktsblues spelt som Western swing av ein kvit countryartist og bandet hans, inkludert Moon Mullican på piano. Songen hadde tekstlinjene:

Waves on the ocean, waves in the sea, But that gal of mine rolls just right for me Rockin' rollin' mama, I love the way you rock and roll You ease my troubled mind and pacify my weary soul

1940-åra 1940 «Boogie Woogie Bugle Boy» av The Andrews Sisters inneheld mange element seinare nytta i rock and roll. Dette er det beste dømet til gruppa, men dei hadde òg andre innspelingar som «Beat Me Daddy Eight to the Bar».The Andrews Sisters Bio Begge desse vart skrive av sam person, Don Raye. «Down the Road a Piece» av Will Bradley Orchestra, var ein glatt boogie-song spelt inn i august 1940 med trommeslagar «Eight Beat Mack» Ray McKinley som hadde vokal på songen i lag med låtskrivar Don Raye. Songen vart seinare ein rock and roll-standard, spelt inn av mange mange rockeartistar som Amos Milburn, Chuck Berry, The Rolling Stones, Jerry Lee Lewis, Foghat og Bruce Springsteen. 1940-utgåva til Will Bradley er den første verkelege rocke-utgåva av songen, trass i at han vart spelt inn 15 år før rock and roll vart populært. «New Early In The Morning» og «Jivin' The Blues» av John Lee «Sonny Boy» Williamson, er to døme på sentrale og rytmiske bluesinnspelingar på Lester Melrose sitt plateselskap Bluebird, og av dei første der trommer (av Fred Williams) dominerer innspelingaBiography: John Lee Williamson

1942 «Rock Me» av the Lucky Millinder Orchestra med Sister Rosetta Tharpe på ekstatisk vokal og elektrisk gitar er ein gospelsong framført som ein byblues."Sister Rosetta" Tharpe (1915-1973) - Encyclopedia of Arkansas «Flying Home» av Lionel Hampton and his Orchestra, med tenor sakssolo av Illinois Jacquet danna ein modell for alle seinare rock and roll-soloar: kjenslemessig, tutande, lang og ikkje berre ein instrumentalpause, men ein viktig del av songen. The Benny Goodman Sextet hadde ein populær hit med songen i 1939, men gjort som ein dempa «kammerjazz»-utgåve med gitaristen Charlie Christian. I 1944 gjorde Jacquet ein enno meir «honking» solo på «Blues, Part 2» som Jazz at the Philharmonic.

1943 «The Joint is Really Jumpin' at Carnegie Hall» av Judy Garland og Jose Iturbi i filmen Thousands Cheer er ikkje berre kjend for boogie-woogie-arrangementet sitt, men også for tekstlinja «when they start to rock», som nyttar ordet «rock» i musikalsk tyding, og ikkje som eit fleirtydig ord for sex. Garland var derimot langt frå den første som nytta ordet «rocking» i musikalsk tyding på film. I 1938 song Gertrude Niesen songen «Rockin' The Town» i filmen Start Cheering og The Boswell Sisters fem år før det igjen i Transatlantic Merry-Go-Round med «Rock and Roll» (men merk at i Boswell-songen er det bølgjene som fører til «rocking and rolling» og det er ikkje ein seksuell referanse.)

1944 «Straighten Up and Fly Right» av the Nat King Cole Trio inneheld ikkje så mykje rock, men var ein populær hit med tekstar frå ei afroamarikansk soge, som kan minne om Bo Diddley, men utan den tunge rytmen.NPR's Jazz Profiles: Nat "King" Cole «I Wonder» av Cecil Gant var ei tidleg afroamerikansk balladeframføring som blei mykje omtykt. 1945 «The Honeydripper» av Joe Liggins, som blanda boogie-woogie-piano, jazz, og eit riff frå folkesongen «Shortnin' Bread» til ein dansesong som toppa R&B-lista i 18 veker. 1946 Louis Jordan sin «Choo Choo Ch'Boogie» og «Let the Good Times Roll» (samt «Caldonia» frå 1945) var sentrale songar både musikalsk og innhaldsmessig, og vart populære hos både svarte og kvite publkum. Produsenten deira Milt Gabler produserte seinare Bill Haley sine hitsinglar og Jordan sin gitarist, Carl Hogan, på songar som «Ain't That Just Like A Woman» (òg 1946), inspirerte Chuck Berry sin gitarstil. «House of Blue Lights» av Freddie Slack og Ella Mae Morse, den første kvite artisten som spelte det som i dag vert rekna som R&B.

1947 «Move It On Over» av Hank Williams, som nyttar same melodi som Jim Jackson sin «Kansas City Blues» frå 1927 og som igjen vart nytta i «Rock Around The Clock». «Oakie Boogie» av Jack Guthrie, ein Western swing country boogie. «Good Rocking Tonight» i to versjonar av Roy Brown og Wynonie Harris, begge svarte artistar. Brown sin originale versjon er ein jump blues som parodierer gospelmusikk, og for første gong vert «rocking» nytta som eit fleirtydig uttrykk for dansing og sex. Harris sin versjon var mykje meir upbeat og rytmisk og nærare rock and roll, og førte til mange bluessongar som fekk ordet «rocking» i tittelen. Seinare vart han innspelt av Elvis Presley i ei energisk utgåve, i tillegg til ei mindre energisk utgåve av Pat Boone.