Frol var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag. Området har frå 1. januar 1962 vore del av Levanger kommune.
Frol var også tidlegare del av Levanger, men i 1856 vart området deld i to: Levanger kjøpstad og Levanger landsogn (eller Levanger herred); Frol kommune.
28. november 1874 vart to ålmenningar frå Skogn kommune lagt til Frol ved Kongeleg resolusjon. 13. november 1951 vart ein del av Frol med 51 innbyggjarar (Lillemarksbakkane) overført til Levanger. 1. januar 1962 vart Frol kommune slått saman med Levanger, Skogn og Åsen til den nye Levanger kommune.
Kjelder
Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
Denne artikkelen bygger på «Frol» frå , den 15. september 2008.
Kategori:Historie i Levanger Kategori:Geografi i Levanger Kategori:Tidlegare kommunar i Nord-Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1856 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1962