«I'm a Man» er ein song skrive og spelt inn av Bo Diddley i mars 1955 på Checker Records som B-side til hitsingelen «Bo Diddley». Songen er kredittert til Ellas McDaniel, som var Bo Diddley sitt verkelege namn. Songen er basert på Muddy Waters sin bluessong «She Moves Me» frå 1951 og Muddy Waters spelte i mai 1955 ein coverversjon av «I'm a Man» igjen kalla «Mannish Boy».

Bo Diddley song «I'm a Man» vart gjeven ut som B-sida til «Bo Diddley», den første singelen hans i april 1955. Begge sidene av singelen vart hittar og gjekk til topps på Billboard R&B-lista. «I'm a Man» var inspirert av Muddy Waters sin «Hoochie Coochie Man» frå 1954, skriven av Willie Dixon. Etter utgåva til Diddley, spelte Waters inn ein «svarsong» til «I'm a Man» i mai 1955, kalla «Mannish Boy», eit ordspel som synte til at Bo Diddley var ung då han spelte inn songen sin.

Med seg på innspelinga hadde Diddley (vokal og gitar) Billy Boy Arnold (munnspel), Otis Spann (piano), Jerome Green (maracas), Willie Dixon (kontrabass), og anten Frank Kirkland eller Clifton James (trommer). I eit intervju med magasinet Rolling Stone sa Bo Diddley at det tok lang tid å spele inn songen fordi det var vanskeleg å treffe timinga nøyaktig med refrenget «M ... A ... N». Songen kom ut på fleire av samlealbuma hans, som Bo Diddley (1958) og His Best (1997). Han spelte òg inn songen i lag med Muddy Waters og Little Walter i 1967 for Super Blues.

The Yardbirds-versjonen

Det engelske rockebandet The Yardbirds spelte inn eit konsertopptak av «I'm a Man» for det første britiske albumet deira, Five Live Yardbirds med Eric Clapton i 1964 (seinare gjeven ut i USA som Having a Rave Up). I 1965, under den første amerikanske turneen deira, spelte The Yardbirds, med Jeff Beck inn ein studioversjon av «I'm a Man». Innspelinga fann stad i Chess Studios i Chicago, med ytterlegare lydspor i Columbia Studios i New York. Han vart gjeven ut på singel og seinare på albumet Having a Rave Up i 1965. The Yardbirds-versjonen (med «Still I'm Sad» som B-sida, vart gjeven ut av Epic Records i USA) og nådde 17. plassen på Billboard Hot 100 i 1965. Songen kom ut seinare i Storbritannia i 1976. Diddley omtalte versjonen deira som «vakker» og det er blitt kalla «ein avgjerande augneblink for bandet».

Andre versjonar Mange andre artistar har spelt inn «I'm a Man» gjennom åra. The Royal Guardsmen (frå albumet Return of the Red Baron i 1967) spelte inn songen, og det same gjorde The Litter (i 1967 på singel og albumet Distortions). The Who spelte inn songen for debutalbumet My Generation, men han kom ikkje med på den amerikanske utgåva av albumet. Eit konsertopptak av «I'm a Man» var B-sida til Dr. Feelgood-singelen «Back in the Night» i 1975 og kom med på konsertalbumet Stupidity i 1976. Grønsjbandet Dickless avslutta konsertane sine med denne songen og det var den første singelen deira på Sub Pop Records i 1990. Doug Sahm framførte songen i filmen More American Graffiti i 1979. Tom Petty & the Heartbreakers framførte Yardbirds sitt arrangement av songen på turneane sine i 2006 og 2012, og ein versjon frå 2006 kom ut på konsertalbumet The Live Anthology.

Ettermæle Bo Diddley sin originalversjon av «I'm a Man» er rangert på 369. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2012 vart songen og A-sida «Bo Diddley» lagt til Library of Congress si National Recording Registry-liste for viktige amerikanske innspelingar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'm a Man (Bo Diddley song)» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1955 Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Bluessongar Kategori:Debutsinglar frå 1955 Kategori:Songar skrivne av Bo Diddley Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Svarsongar 378 Kategori:The Yardbirds-songar Kategori:The Who-songar Kategori:The Sonics-songar Kategori:Dr. Feelgood-songar Kategori:The Flamin' Groovies-songar Kategori:The Stooges-songar Kategori:Tom Petty-songar