Bolsjezemelskaja Tundra er ei åslendt slette med mange morener mellom elvane Petsjora og Usa, Uralfjella og Paj-Khoj i Arkhangelsk oblast og Republikken Komi i Russland. Høgda på sletta ligg om lag 100–150 meter over havet, men enkelte område ligg rundt 200–250 meter over havet. Frå Khajpudyrbukta til munningen av elva Tsilma ligg ein rygg kalla Zemljanojryggen.

Klimaet er subarktisk med lange kalde vintrar (middeltemperaturen i januar er 16 ºC i nordvest og ned til –20 ºC i søraust) og ein kort, kjølig sommar (middeltemperaturen i juli varierer frå 8 til 12 ºC), og kvar månad av året kan få frost. Den årlege nedbøren varierer frå 450 mm i sør til 250 mm i nord.

Elvane, hovudsakleg sideelvar av Petsjora og Usa, renn i stryk i smale dalar og vert etter kvart rolegare når dalane vert breiare. Dei største elvane er Sjapkina, Kolva og Adzva. Sletta inneheld òg mange innsjøar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Большеземельская тундра» frå , den 24. september 2008.

Kategori:Sletter i Russland Kategori:Arkhangelsk oblast Kategori:Komi