Mezenskaja Pizjma (russisk Мезенская Пижма) er ei elv i Republikken Komi og Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Mezen frå høgre.
Ho har ei lengd på 236 km og eit nedslagsfelt på km². 61 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 41,9 m³/s.
Dei største sideelvane hennar er Jurva og Sjegmas, begge frå venstre.
Mezenskaja Pizjma spring ut frå toppen av Tsjetlasskijtoppen i Timanskijfjella i Republikken Komi og renn etter kvart inn i Arkhangelsk oblast. Elva renn gjennom eit nesten aude område og breidda av ho er skogkledd. Elva renn sakte.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Мезенская Пижма» frå , den 29. september 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast Kategori:Elvar i Komi