Digerudgrunnen fyrstasjon var eit fyr som låg på ein liten holme på austsida av Oslofjorden, om lag 1,5 km sørvest for Fagerstrand i Frogn kommune i Akershus fylke.
Fyret vart reist i 1871, men den gamle fyrbygningen vart riven i 1975 og erstatta av eit lykthus. I 1941 kom det hengebru ut til fyret og om lag på same tid vart det bygd ny bustad og uthus på land.
I juni 2008 vart både lykthuset og fundamentet til den gamle bygningen fjerna av Kystverket.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder
fyr.no - nyheter
Kategori:Fyr i Akershus Kategori:Samferdsle i Frogn Kategori:Byggverk i Frogn Kategori:1871 i Noreg Kategori:Skipingar i 1871 Kategori:Nedleggingar i 2008