Filtvet fyrstasjon er eit fyr på Hurumlandet på vestsida av Oslofjorden ved innseglinga til Oslo.
Den gamle fyrbygningen er i tre og tidlegare var lykta plassert i gavlen på huset og fyrstasjonen hadde ei tåkeklokke i eit tårn på taket. Fyrstasjonen vart avfolka i 1985 og ei fyrlykt plassert føre fyrbygningen har sidan den gong erstatta fyrdrifta.
Som eit gammalt og ein god representant for dei små trefyra har fyret fyrhistorisk verdi og er freda etter lov om kulturminne. Det opphavlege linse- og klippapparatet er bevart.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder
Bakgrunnsstoff Filtvet fyrs venner
Kategori:Fyr i Akershus Kategori:Museum i Asker Kategori:Samferdsle i Asker Kategori:Kulturminne i Asker Kategori:Freda bygg i Akershus Kategori:Fyr ferdigstilt i 1840