Magnesium er eit grunnstoff med atomnummer 12 og kjemisk symbol Mg. Det er eit jordalkalimetall.

Særlege kjenneteikn

Brannar i magnesium er vanskelege å slukka da metallet brenn både i nitrogen og karbondioksid. Magnesium brenn med ein klar, kvit flamme.

Bruk

Magnesium vert brukt som reduksjonsmiddel i produksjon av uran og andre metall frå salta deira.

Hydroksid, klorid, sulfat og sitrat av magnesium vert brukt i medisin.

Metallet vert brukt i legeringar.

Historie

Magnesium vart oppdaga av Sir Humphrey Davy i 1755.

Biologisk rolle

Magnesium er viktig for plantar og dyr. Nokre enzym er avhengige av magnesium for å verka rett.

Klorofyll inneheld magnesium.

Førekomst

Magnesium er det åttande vanlegaste grunnstoffet på jorda, men finst ikkje i fri form i naturen. Mange mineral inneheld magnesium. Dolomitt og magnesitt er to av desse.

Kjemi

I sambindingar har magnesium oksidasjonstrinn +2.

Magnesiumklorid () og Magnesiumoksid (MgO) er vanlege magnesiumsambindingar.

Isotopar

Tryggleik

Magnesium reagerer eksotermt med luft og vatn.

Sjå også Grunnstoffliste Periodesystemet Isotoptabell

Bakgrunnsstoff WebElements.com - magnesium Magnesium

Kategori:Jordalkalimetall Kategori:Reduksjonsmiddel Kategori:Mineraltilskot Kategori:Tilsettingsstoff Kategori:Pyroteknisk brensel Kategori:Grunnstoff