Sir James Paul McCartney () er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80), og har seinare hatt ein lang solokarriere.
McCartney starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa. Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon annan komponist kan vise til.
Universell songbok venstre|mini|The Beatles i 1964 med Paul og John i midten. Paul McCartney og John Lennon skreiv ikkje berre det meste av musikken for The Beatles, men skapte òg ei heil songbok, som umiddelbart kan tene til å sameine folk, uansett kor ein er i verda, i allsong. Songane som Lennon og McCartney skreiv for The Beatles bar alltid begge sine namn, sjølv om den eine skulle ha vore aleine om komposisjonen. Nokre gonger sette dei seg ned saman og skapte nye songar, andre gonger kom dei saman og hadde nokre delar av songar kvar som dei sette saman til fullstendige songar. Mange av McCartney sine komposisjonar frå denne perioden, inkludert «Hey Jude», «Yesterday» og «Let It Be», høyrer til populærmusikken sitt standardrepertoar og vert ofte nytta dersom ulike artistar med ulik bakgrunn og vidt forskjellige musikalske uttrykk skal samlast på scenen for framføre eit felles avslutningsnummer. Desse songane har dermed fått ein heilt spesiell plass i nyare musikkhistorie.
Banebrytande og kreativ Beatlesmusikken var i starten med ei slags blanding av amerikansk rock and roll, britisk folkemusikkbasert skiffle, moderne jazz og blues, men utkrystalliserte seg til noko som fekk namnet merseybeat, etter distriktet der Liverpool ligg. Det som likevel kjenneteiknar gruppa si karriere er at musikken heile tida endra seg drastisk frå album til album og var heile tida i front og viste veg for andre. Dei var opne for impuls både frå visesongaren Bob Dylan og folkrockarane The Byrds, men var òg sjølv eksperimentelle og nyskapande. Paul McCartney sin «Helter Skelter» frå det kvite dobbeltabumet The Beatles, vert gjerne omtalt som den aller første heavy metal-songen. Dessverre fekk den òg ei trist slagside i det den amerikanske massemordaren og satanist Charles Manson og tilhengjarane hans tolka innhaldet og meinte teksten bar bodskap om rasekrig og religiøs strid og oppfordra til bestialske drap. Eit rystande nyhende for Paul McCartney sjølv, som bedyra at noko slikt ikkje hadde den fjernaste samanheng med innhaldet i låten.
Solokarriere mini|venstre|Paul McCartney under Live 8-konserten. 10. september 2004.
I perioden etter The Beatles har McCartney kanskje ikkje skapt så mange udødelege songar til «verdsarv»-lista, men karrieren har ikkje vore mindre suksessrik. Som soloartist og med gruppa si frå 1970-åra, Wings, makta han 30 Topp 10-singler i England og USA, inkludert songar som «Maybe I’m Amazed», «Live and Let Die», «Band on the Run», «Silly Love Songs», «Pipes of Peace» og ein duett med amerikanaren Stevie Wonder, «Ebony and Ivory». På konsertane sine har McCartney òg inkludert stadig fleire av Beatlesklassikarane sine frå 1960-talet.
I engelsk presse er McCartney ofte vorten skulda for å vere utdatert, men den same «musikkjournalistikken» har òg over tiår påstått at gitarmusikk var «ut», noko The Beatles òg fekk høyre av Decca sin produsent då dei søkte platekontrakt i 1962. Den stakkars produsenten er i ettertid kjend som «The Man Who Turned The Beatles Down» og gav avslag på musikkhistoria sine største underhaldarar og plateindustrien sitt fremste flaggskip. Òg som soloartist har Paul McCartney fleire gonger vist at han framleis har appell i det han jamleg har levert listetopper gjennom over tretti år. Han er òg som soloartist vorten vald inn i «Rock and Roll Hall of Fame» («Rockens æresgalleri»).
Ved sidan av det musikalske arbeidet sitt, som òg inkluderer klassisk musikk, er McCartney lyrikar og kunstmålar (men han har lenge halde dette arbeidet privat). Det var hans makker John Lennon som først vart kjend som lyrikar, kunstmålar og teiknar og så vart det ein naturleg følgje at Paul heldt tilbake med å vise sitt talent innanfor det same feltet. Paul McCartney har òg, saman med den første kona si, Linda McCartney, opptredd som internasjonal talsmann for dyrevern, mot kvalfanst og ein innbitt forkjempar for vegetarianisme.
Biografi
Barne- og ungdomsår mini|Mike og Paul McCartney sin barndomsheim i #20 Forthlin Road i Liverpool. Bilete er teke i 2007. Paul McCartney vart fødd på Walton Hospital i den nordlege delen av Liverpool – ikkje langt frå staden der han budde som tenåring. På dette sjukehuset var det òg hans irske katolske mor, Mary Mohin McCartney (1909-1956), jobba som sjukepleiar. Her vart òg hans yngre bror Michael McCartney fødd eitt år seinare. Òg han vart musikar og ein framståande låtskrivar (med hitsinglar som «Lily the Pink» og «Thank U Very Much») under artistnamnet Mike McGear, komikar og fotograf.
Brørne vart begge døypt katolsk, men oppdrege interkonfesjonelt, ettersom foreldra kom frå ulike trussamfunn. Far hans, Jim McCartney (1902-1976), hadde òg katolske røter, men var vokse opp som anglikanar. Han arbeidde som bomullsseljar, men var òg engasjert som pianist og trompetist i jazzband og gav sønene deira første grunnleggende kunnskapar om musikk. Heile slekta var særs musikalsk og broren Michael har seinare forklart at det ved familiesamankomstar vart sunge og musisert og at det var mykje om å gjere å finne ein flottare harmonisk tone å slutte allsongane på enn det onkel Jack til ei kvar tid kom opp med.
Mora døydde tidleg av brystkreft. Paul var den gong berre 14 år og hendinga sette djupe spor i han. At Liverpool-kameraten John Lennon, òg hadde opplevd å miste mora si då han var 17 år, (påkøyrt av ein full politimann), la noko av grunnlaget for dei tette banda mellom dei. Paul McCartney har irske røter på både mors- og farssida. Oldefar hans, James McCartney og kanskje òg Paul sin bestefar, James McCartney II, vart fødd i Irland om lag 1845. Bestefaren hans på morsida, Owen Mohin, vart fødd i Tullynamalrow, Monaghan fylke i Ulster i 1880.Mike McCartney: Thank U Very Much. London 1982, s. 11.
Rolla i The Beatles mini|Paul McCartney sin Höfner-bass og George Harrison sin Gretsch sologitar. Paul McCartney vart kjend som bassist, vokalist og komponist for gruppa The Beatles. Han vart først invitert som medlem av John Lennon si gruppe (som då heitte The Quarrymen) som gitarist i 1957, men overtok bassen da Stu Sutcliffe valde å slutte i gruppa for å vie seg til målarkunsten og kjærasten Astrid Kirchherr. Ettersom Paul var keivhendt vart bassen strenga om og avgjersla var endeleg. Stu døydde alt i 10. april 1962 av hjerneslag.
McCartney danna eit tett arbeidsfellesskap med Lennon og dei skreiv etter kvart songar saman. Av alle songane som vart signert «Lennon/McCartney» er det vorte påstått at berre 27 av dei kom gjennom reelt samarbeid, med lik tyngde frå begge to. Meir typisk var det at ein av dei skreiv mesteparten av ein song og den andre fullførte han, bygde han inn i ein annan song der han passa, eller kom med forslag om endringar. Frå om lag 1968 skreiv dei ikkje saman lenger, men på grunn av tidlegare avtalar skulle alle Beatles-songar skrive av den ene alltid vere kreditert av begge to. John Lennon likte ideen om «Lennon & McCartney», som kunne lyde som eit ekko av «Leiber og Stoller», to komponistar som stod bak mange av rockeplatene dei eigde i slutten av 1950-åra. Sjølv på songar som «Step Inside Love», som Paul gav til Cilla Black og «Give Peace A Chance», som John spelte inn med The Plastic Ono Band er begge namna oppført med felles komponistmerke (Lennon-McCartney).
Då McCartney så seint som i 2002 ønskte å omtale dei songane han sjølv hadde hovudansvar for frå Beatlesperioden ved å snu rundt på rekkefølga og skrive (McCartney-Lennon) protesterte Yoko Ono, som meinte (Lennon-McCartney) var hevdvunnen. Paul gav etter for dette argumentet og ønskte ikkje starte noko konflikt på det området.
Komponist Ein av dei største songane til McCartney, spelt inn av andre artistar fleire gonger enn nokon annan song, er «Yesterday». McCartney har sagt at melodien kom til han i ein draum. Han vart usikker på om melodien var original sidan han virka så ferdig og naturleg – han trudde nokon alt måtte ha skrive han. I boka Paul McCartney: Many Years from Now frå 1998 avslørte han at den første arbeidsteksten til songen var Scrambled eggs / Oh my baby how I love your legs.
I løpet av dei første åra av Beatles si platekarriere utvikla McCartney seg raskt både som musikar, songar og ikkje minst komponist. Han var tungt påverka av Buddy Holly og Little Richard og innarbeidde Little Richard sitt varemerke med «wooo» i høgt toneleie – ofte nytta som musikalsk teiknsetjing på tidlege songar som «From Me to You».
Venstrehandsbass Den venstrehendte McCartney vart òg ein av de mest kreative og viktigaste bassistane i si tid og medverka til å bringe den elektriske bassen fram i lyset, noko som inspirerte mange unge håpefulle til å velje dette instrumentet.
I 1965 vart McCartney pressa av plateselskapet EMI sine lydteknikarar til å skaffe ein betre basslyd på The Beatles sine innspelingar, frustrert over den relativ svake basslyden på dei første platene. Bass-spelinga hans og skrivinga i løpet av The Beatles sin mest kreative periode, 1965–67, var influert av arbeidet til den amerikanske produsenten og komponisten Brian Wilson, leiaren av The Beach Boys. Det klassiske albumet deira Pet Sounds sette ny standard for plateinnspelingar og hadde bassparti som var av ukjend kompleksitet i populærmusikk. Som eit resultat av å høyre verket til Wilson fekk McCartney større interesse for både lyden og arrangementet av sine basslinjer. Han tok fordel av Abbey Road Studios nye fleirsporopptakar for å spele inn meir komplekse bassparti etter at dei første grunnleggende spora var spelt inn.
Ekteskap mini|Paul McCartney med Linda McCartney i 1976.
I løpet av dei første åra av The Beatles vart McCartney generelt sett på som den i gruppa med den beste utsjånaden og fekk størst merksemd frå det kvinnelege publikumet. Ironisk nok (eller kanskje ikkje) var han den siste til å gifte seg og samstundes den einaste som aldri vart skild i løpet av Beatles-karrieren.
På slutten av forholdet hans til skodespelarinna Jane Asher møtte han Linda Eastman, ein amerikansk fotograf. Det første møtet deira var 1. juni 1967 på eit lunsjmøte for å promotere utgjevinga av albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og forholdet blomstra dei neste to åra. Dei gifta seg i eit lite, borgarleg bryllaup i rådhuset i Marylebone i 1969. Då var han framleis medlem av The Beatles.
Paul og Linda var gift heilt til Linda døydde av brystkreft i 1998. Paret var aldri frå kvarandre meir enn éi veke i løpet av heile ekteskapet deira og den eine veka var då Paul var varetektsfengsla i Japan for å ha marihuana.
Drivkrafta i The Beatles I den siste delen av tida The Beatles eksisterte mista Lennon interesse for gruppa, medan McCartney sitt øyre og hjerne for musikk aldri hadde vore meir finstemd. Han skreiv popklassikarar som «Hey Jude», «Let It Be» og «The Long and Winding Road».