«Can’t Buy Me Love» er tittelen på ein song skriven av Paul McCartney (kreditert til Lennon/McCartney) og gjeve ut av The Beatles som deira sjette britiske singel med «You Can’t Do That» som B-side

«Can’t Buy Me Love» vart spelt inn 29. januar 1964 i EMI sitt Pathe Marconi Studios i Paris i Frankrike, der Beatles spelte 18 dagar på Olympia Theatre.

Då dei var i Paris budde The Beatles på George V hotell og fekk eit piano flytta inn til seg slik at dei kunne halde fram med å skrive songar. Det var her McCartney skreiv «Can’t Buy Me Love». Songen vart skriven under press etter suksessen dei nettopp hadde oppnådd med «I Want to Hold Your Hand», som nettopp hadde nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista. Då produsenten George Martin først høyrde songen følte han at songen trong ein betre intro og ein betre avslutning. Så han tok dei to første linje frå refrenget og plasserte dei i starten av songen. Resten av gruppa syns det var ein god idé og let det vere slik. Verset i songen nyttar ein 12-taktsblues-struktur, som Beatles sjeldan nytta på sine eigne songar.

Songen gjekk til topps på den amerikanske Billboard Hot 100 og var ein av fem Beatles-songar som låg på dei fem øvste plassane samstundes. Dette var den tredje Beatles-songen på rad som låg på førsteplassen og alle hadde avløyst kvarandre. Dei to føregåande på toppen var «I Want to Hold Your Hand» og «She Loves You». Den andre veka i april 1964 hadde Beatles 14 songar inne på Hot 100 samstundes.

Songen nådde òg førsteplassen i heimlandet og vart her den tredje singelen deira som selde over ein million. I Noreg, låg songen 14 veker på Topp 10 på VG-lista, men gjekk aldri høgare enn 3. plass.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte «Can’t Buy Me Love» på 295. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.Rocklistmusic - Rolling Stone Topp 500 songs

Medverkande John Lennon – akustisk rytmegitar Paul McCartney – vokal og bass George Harrison – elektrisk rytmegitar og sologitar Ringo Starr – trommer

Salslister

Vekeslister Liste (1964)PlasseringAustralske Kent Music Report1US Cash Box Top 1001Vest-Tyskland - Media Control24

Årslister Liste (1964)PlasseringUK Singles (Official Charts Company)1US Billboard Hot 10052US Cash Box68

Salstrofé

Coverversjonar The Chipmunks (1964) The Eliminators (1964) Ella Fitzgerald (1964) Johnny Rivers (1964) George Martin (1964) The Supremes (1964) Dave «Baby» Cortez (1965) Henry Mancini (1965) Peter Sellers (1965) Chet Atkins (1966) Count Basie and his Orchestra (1966) Cathy Berberian (1967) Phil Seaman (1968) David Clayton-Thomas (1973) Shirley Scott & Stanley Turrentine (1978) Stanley Turrentine (1981) The King's Singers (1988) The Allen Toussaint Orchestra (1989) Elena Duran, Stephane Grappelli & Laurie Holloway (1991) Giovanni (1993) Shenandoah (1995) Bugs Bunny og Daffy Duck (Joe Alaskey) (1995) Blackstreet (1996) John Pizzarelli (1998) The Punkles (1998) Laurence Juber (2000) Jive Bunny & the Mastermixers (2001) Michael Bublé (2005) Wayne Brady(2008)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Can't Buy Me Love» frå , den 5. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Bronson, Fred. The Billboard Book of Number One Hits. New York: Billboard Books, 2003. ISBN 0-8230-7677-6 Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X

Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack sin analyse av «Can't Buy Me Love» The Beatles Bible: Can't Buy Me Love CoverTogether: Can't Buy Me Love

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:The Jaybirds-songar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Peter Sellers-songar Kategori:Tommy Körberg-songar Kategori:Michael Bublé-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:Chet Atkins-songar 295 Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia