Kvitsøy fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvitsøy. Fyret har ei historie som går tilbake til år 1700, då Henrich Petersen sette på ei vippefyr i Ydstebøhamn. Fyret bestod av ei mast som hadde påmontert ei tverrvippe. I enden av denne var det festa ei «eldpanne» som vart fylt med kol og heist 6 meter over bakken. Ein modell av vippefyret står i dag like i nærleiken av det noverande fyrtårnet.

I 1829 vart vippefyret erstatta med eit 18 m høgt sekskanta fyrtårn med kolbluss på toppen. I 1859 vart tårnet gjort 7 m høgare og utstyrt med oljefyrt fyrbluss samt eit linsesystem. Toppen av fyret er no 45 m over havflata. Fyret har 2. ordens lysblinkapparat frå 1910 då lyktehuset vart fornya. I 1938 vart fyret elektrifisert, og i 1969 automatisert og avfolka. Fyret er i dag freda etter lov om kulturminne. Det går ein tursti opp til fyret og vidare ut til havet i vest.

Fyrtårnet er i dag det eldste steintårnet i landet som framleis er i bruk.

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Rogaland Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Samferdsle i Kvitsøy Kategori:Byggverk i Kvitsøy Kategori:Kulturminne i Kvitsøy