Utvær fyrstasjon er det vestlegaste fyret i landet og ligg ved fiskeværet Utvær i Solund kommune i Vestland på nordsida av innløpet til Sognefjorden.

Fyrtårnet er 31 meter høgt i støypejern og er farga heilt raudt. Eit lite bifyr i støypejern står på ein betongcisterne. Hovudtårnet vart sterkt skadd under eit flyåtak i 1945 og ein stor del av bygningane rundt tårnet brann ned. I 1948 fekk fyret nytt lyktehus og eit 3. orden blinkapparat som framleis er i drift.

Fyrstasjonen inneheld maskinhus, bustader og uthus tett ved fyrtårnet, samt naust, landing og tufter etter tidlegare fellesbustad. Området som fyrstasjonen ligg i er verna som naturreservat etter lov om naturrvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Vestland Kategori:Samferdsle i Solund Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kulturminne i Solund Kategori:Byggverk i Solund Kategori:Skipingar i 1900 Kategori:1900 i Noreg