«Act Naturally» er ein song skrive av Johnny Russell og Voni Morrison, og opphavleg spelt inn av Buck Owens, som nådde førsteplassen på Country-lista i USA med singelen i 1963. Dette var første gongen Owen var på førsteplassen. I 2002 plasserte Shelly Fabian frå About.com songen på 169. plass på lista over dei 500 største countrysongane nokon gong.
Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Loretta Lynn og The Beatles.
Songen var sterkt medverkande til å gjere Buck Owens til ei stor stjerne og songen låg totalt 28 veker inne på countrylista i USA. I løpet av 1960-åra hadde Owens heile 19 songar på toppen av countrylista.
The Beatles spelte inn songen for albumet Help! i 1965 og han vart gjeven ut som B-side på singelen «Yesterday». Beatles-utgåva er sungen av Ringo Starr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Act Naturally» frå , den 11. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1963 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Buck Owens-songar Kategori:The Muppets-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Johnny Russell Kategori:Songar produserte av Ken Nelson Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Loretta Lynn-songar Kategori:Kitty Wells-songar Kategori:Charley Pride-songar Kategori:The Youngbloods-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Leon Russell-songar Kategori:Dwight Yoakam-songar Kategori:Garth Brooks-songar