Kuloj (russisk Кулой) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Vaga frå høgre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.
Ho har ei lengd på 206 km og eit eige nedslagsfelt på . 53 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 8,74 m³/s. Elva frys til i oktober-november, nokre gonger i desember, og vert isfri att i april eller tidleg i mai.
Dei største sideelvane hennar er Sivtsjuga frå venstre og Kolenga frå høgre. I nærleiken av elva ligg landsbyen Kuloj.
Kuloj spring ut frå Sonduzjskojesjøen i Vologda oblast, nordvest for byen Totma. Elva renn først nordaustover og seinare rett nordover før ho svingar vestover og ut i Vaga. I den øvre delen har elva ei bredde på 20-30 meter og i den nedre delen av breidda auka til 50-60 meter. Elva er svingete og renn forholdsvis raskt, men har ingen stryk.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Кулой (приток Ваги)» frå , den 16. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast Kategori:Elvar i Vologda oblast