Uftiuga (russisk Уфтюга ) er ei elv i Arkhangelsk og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Sukhona frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Elva er 134 km lang og har eit nedslagsfelt på . Middelvassføringa hennar er 21,8 m³/s. Dei største sideelvane til Uftiuga er Porstsje frå venstre og Torzjenga og Sulonga frå høgre.

Uftiuga spring ut frå eit myrområde i nærleiken av ein jernbanestasjon langs banen mellom Konosja og Kotlas. Ho renn først austover, men svingar etter kvart sørover til ho munnar ut i Sukhona.

Det meste av elva renn gjennom aude skogområde nord i Vologda oblast, og berre nokre få landsbyar ligg langs elva.

Elva vart tidlegare mykje nytta til tømmerfløyting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Уфтюга (приток Сухоны)» frå , den 16. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast Kategori:Elvar i Vologda oblast