Obva (russisk Обва) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå høgre i nedslagsfeltet til Volga. Ho spring ut frå skogane på Verhnekamskoj-åsane nordvest i Sivinskij rajon, nær grensa til Kirov oblast, og munnar ut i Kama, 780 km frå munningen hennar, i Kamareservoaret.
Obva er 247 km lang og har eit nedslagsfelt på 6720 km². Elva har eit fall på 191 meter og ei gjennomsnittleg helling på 0,5 meter per kilometer.
Dei største sideelvane hennar er Jazva og Nerdva frå venstre, og Siva, Bub og Lysva frå høgre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Обва (река)» frå , den 17. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Perm Kategori:Sideelvar til Kama