Tjelta er opphavleg ein gard, i dag òg ein tettstad i den sørlege delen av Sola kommune i Rogaland fylke, ca. 6 kilometer sør for sentrumsområdet i kommunen. Riksveg 510 går gjennom staden. Statistisk sentralbyrå nyttar namnet Stenebyen på tettstaden, han har . Tjelta ligg ca. 1,5 km søraust for bustadområdet og tettstaden Hålandsmarka.
Garden Tjelta grensar til Ræge og Gimra i nord, mot Håland og Helleland i vest og Dysjeland i sør. I aust ligg matrikkelgarden Kjellingland i Julebygda, Sandnes kommune.
Det er samla fleire fortidsminne på garden, ein koparkjele, armringar, økser og det finst ein skålgropstein der.
Sjå òg Tettstader i Rogaland
Kjelder
Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Geografi i Sola