Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland fylke, og eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Tettstaden har og ligg omtrent midt mellom Vadheim og Høyanger sentrum, på nordsida av Sognefjorden. Aust for Kyrkjebø ligg Austreim og Nordeide.
På Kyrkjebø ligg Kyrkjebø kyrkje og barneskulen Kyrkjebø skule.
Frå 1858 til 1964 var Kyrkjebø òg ein kommune, fyrst med namnet Klævold kommune og frå 1890 Kyrkjebø kommune. I 1964 gjekk han inn i den nye Høyanger kommune.
Kyrkjebø sokn Kyrkjebø er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart overført til Lavik frå Vik prestegjeld i 1809, ved opprettinga av Lavik prestegjeld.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Soknet har ei kyrkje, Kyrkjebø kyrkje frå 1869, og i tillegg høyrer Vadheim bedehuskapell til soknet. Fram til 1997 høyrde òg Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje til soknet, men dei har sidan høyrd til Bjordal og Ortnevik sokn.
Sjå òg Tettstader i Vestland
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sogn og Fjordane»
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Kyrkjebø på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Om Kyrkjebø sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Busetnader i Høyanger Kategori:Tettstader i Vestland Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Sokn i Sunnfjord prosti