mini|Oka munnar ut i Volga i Nizjny Novgorod. mini|Oka i Nizjny Novgorod. mini|Oka i Moskva oblast, nær Serpukhov. Oka (russisk Ока́) er ei elv sentralt i Russland og den største sideelva til Volga frå høgre. Ho renn gjennom Orjol, Tula, Kaluga, Moskva, Rjazan, Vladimir og Nizjegorod og nesten heile elva kan nyttast til skipsfart, heilt opp til byen Kaluga. Elva er over 1500 km lang. Den russiske hovudstaden, Moskva, ligg langs ein av sideelvane til Oka, Moskvaelva.

Namn og historie

Max Vasmer knyter namnet på elva til det gotiske аƕа, gammal høgtysk aha, latinsk aqua, som alle tyder anten «vatn» eller «elv» (jfr. Aa)Vasmer's Etymological Dictionary, vol. 3, s. 127. Oleg Trubatsjev sporer opphavet av namnet tilbake til baltiske språk. Det var det baltiske folket galindiane som levde på vestsida av Oka før slavarane kom hit.

Historisk har elva gjeve namn til Øvre Oka fyrstedøme oppfor Tarusa. Ein av dei største russiske byane Nizjnij Novgorod vart grunnlagd for å verne området der Oka renn ut i Volga. Qasim-khanatet, ein muslimsk stat, okkuperte dei nedre delane av Oka på 1400- og 1500-talet.

Landemerke Langs breidda av elva finn ein mange historiske og kulturelle stader, som mellomalderklostera i Murom, moskeane og minaretane i Kasimov, dei festningsliknande kremlane i Kolomna og Serpukhov, minnesmerka over Vasilij Polenov og Sergej Jesenin, dei utgravne ruinane av Gamle Rjazan og Det gamle Sjukhovtårnet.

Prioksko-Terrasnyj biosfærereservat ligg på venstresida av elva overfor byen Pusjtsjino og er kjend som eit område der visentar formeirar seg.

Sideelvar Ugra Zjizdra Upa Protva Gus Nara Moskva Pra Osiotr Pronja Para Moksja Tiosja Kljazma

Byar ved Oka Orjol Beljov Tsjekalin Kaluga Aleksin Tarusa Serpukhov Kasjira Protvino Pusjtsjino Kolomna Rjazan Kasimov Murom Pavlovo Navasjino Gorbatov Dzerzjinsk Nizjnij Novgorod

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oka River» frå , den 22. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kaluga oblast Kategori:Elvar i Moskva oblast Kategori:Elvar i Nizjegorod oblast Kategori:Elvar i Orjol oblast Kategori:Elvar i Rjazan oblast Kategori:Elvar i Tula oblast Kategori:Elvar i Vladimir oblast Kategori:Sideelvar til Volga