Laurelia novae-zelandiae (også kalla pukatea) er eit stort eviggrønt tre som er endemisk (stadeige) for New Zealand.http://www.teara.govt.nz/en/tall-broadleaf-trees/5 Te ara: Encyclopedia of New Zealand - Article on tall broad-leafed trees- forest giants.

Utbreiing mini|venstre|Hutt River i Kaitoke Park ved Upper Hutt, med pukateatre på elvebreiddene

Pukatea veks over heile Nordøya på New Zealand, og på den nordlege tredjedelen av Sørøya. Det veks ofte i fuktige og skuggefulle låglandsskogar, gjerne i erosjonskløfter.

mini|venstre|Naturleg skog med gamle pukateatre i Kaitoke Park ved Upper Hutt.

Utsjånad Pukatea kan veksa seg 40 m høgt, og er det einaste newzealandske treet som utviklar kraftige støtterøter. Dei mørkegrøne, elliptiske blada er fem til sju cm lange og grovt taggete.

Bruk Historisk har det lette, men sterke tømmeret til pukatea vorte brukt til båtbygging. Eit uttrekk frå borken som inneheld alkaloidet pukateine vart brukt av maoriane i tradisjonell urtemedisin som eit smertestillande middel. Uttrekk frå ulike delar av borken vart også brukt til handsaming av sår, mageplager og kjønnssjukdomar.Pukatea. Te Ara: The Encyclopedia of New ZealandPukatea. University of Otago Farmakologisk institutt.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Laurelia novae zelandiae» frå , den 25. oktober 2008.

Kategori:Laurelia Kategori:Planteliv på New Zealand