mini|Hubble-bilete av MCG+12-02-001. Den nedste galaksen kan likna ein vulkan der galaksekjernen utgjer toppen. MCG+12-02-001 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 200 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kassiopeia. Galaksane er ekstremt deformerte, og den eine galaksen har form som ein vulkan der galaksekjernen utgjer toppen. Systemet er lyssterkt i det infraraude og skin der med ein intensitet hundre milliardar gonger sola sin.
Kjelder
Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.
Kategori:Vekselverkande galaksar Kategori:Kassiopeia