Kvenneslåtten er ein springar med vid utbreiing. I Telemark er slåtten knytt til spelemannen Halvor Sagafossen frå Heddal, men var mellom anna nytta av Myllarguten. Elles finst det ei rekkje former av slåtten i Hordaland, og han skal ha vore nytta av Jørn Hilme i Valdres. Det var spelemannen Sjur Helgeland som i si tid sette dette namnet på slåtten. Myllarguten kan ha fått slåtten i Hordaland. I så fall er dette eit døme på ein slått som har fare vegen fram og attende over fjellet mellom Telemark og Hardanger (jmfr. Hellosen).
Variantgruppa
Slåtten har katalognr 512, band VI i Hardingfeleverket. Gruppa har sju variantar.
a: Kvenneslåtten, etter Johannes Dale, Tinn . Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1285). Slåtten er og kalla Dahle`n nr 1.
b: Sagafossen frå Bø, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark . Nedskrift Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 50). Slåttenamnet er etter Halvor Sagafossen frå Heddal.
c: Hovdestadspringar, etter Tarjei Romtveit, Vinje . Nedskrift Sven Nyhus 1976. Romtveit hadde slåtten frå Arne Nygård, som hadde lært han av Øystein Hovdestad. Namnet hans vart hengande ved forma. Det er noko uvisst om denne varianten retteleg høyrer til gruppa.
d: Springar, etter Martinus Monstad, Lindås, Hordaland . Nedskrift Arne Bjørndal 1918 (B 419). Monstad hadde slåtten etter Helge S. Stortveit, Fana. Denne hadde slåtten frå Mons Milde, som var frå Voss (Mons i Åsen).
e: Springar, etter Per Sandnes, Lærdal . Nedskrift Arne Bjørndal 1924 (B 673). Sandnes hadde slåtten frå faren Ola Sandnes, som hadde han frå Jørn Hilme, Valdres.
f: Kvednaslåtten, etter Sjur Helgeland, Voss . Nedskrift Sven Nyhus 1976 etter kopi av voksrull frå 1910. Han skal ha lært slåtten av Torgeir Torgeirson, son av Myllarguten.
g: Kvednaslåtten, etter Anders S. Kjerland, Granvin . Kjerland hadde slåtten frå Nils Eide i Hardanger.
Kategori:Norske slåttar