Tsna (russisk Цна) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 160 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 12,3 m³/s, målt 38 km frå munningen.

Elva spring ut frå myrområda i Tsinskhøgdene, ein utløpar av Valdajhøgdene). Elva renn gjennom Vysjnevolotskoje-reservoaret, og mellom reservoaret og munningen i Mstino-sjøen (ei strekning på 7 km) går elva nesten heilt inne i byen Vysjnij Volotsjok. Mstino-sjøen drenerer via Msta, Volkhov og Neva til Finskebukta. Tsna var tidlegare ein viktig del av vassvegen over frå Volga til Novgorod, og seinare til St. Petersburg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tsna (Tver oblast)» frå , den 2. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tver oblast