Husøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1896 på Straumen på Ytre Sula i Solund kommune i Vestland.
Kyrkjestaden for ytre Solund var frå 1717/18 til 1896 på den vesle Kirkøyna ved Husøyna vestom Straumsfjorden, der låg Husøy kapell.
Kirkøyna overtok som kyrkjestad etter Utvær, der det hadde vore eit kapell truleg sidan 1100-talet. Mot slutten av 1800-talet var kapellet på Kirkøyna vorte for lite og det låg og usentralt til i forhold til kvar størstedelen av kyrkjelyden no budde, difor vart det vedteke å byggje ny kyrkje austom Straumsfjorden. Mange av dei som budde på småøyene vestom Straumsfjorden var svært lite nøgde med dette og fleire nekta å delta i pliktarbeidet med den nye kyrkja.
Fram til utgangen av 1999 var kyrkja soknekyrkje i Husøy sokn. Frå 2000 har dei tre tidlegare sokna i Solund vore slegne saman til eitt.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas: «Kyrkjestaden Husøy» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Husøy kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff
Om Solund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Solund Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1896 Kategori:Petter Gabrielsen Spjutø Kategori:Kulturminne i Solund