Augnetrøystslekta (Euphrasia), med medlemmar kjende som augnetrøyst, augnetrøst, augetrøyst, augetrøst eller svoleblom, omfattar små eittårige planter i snylterotfamilien. Namnet har dei fått fordi dei tidlegare vart mykje nytta som augemedisin.

Planta har parvis stilte blad som er taggete. Blomane sit samla øvst på stengelen, og kan vera kvitlege eller blåfiolette.

Augnetrøystartane er halvsnyltarar, noko som vil seie at dei delvis utfører fotosyntese og produserer organisk stoff sjølve, og delvis stel ferdig næring frå røtene til andre planter.

Augnetrøystslekta har mange nærtståande artar. Dei veks frå havnivå og opp til høgfjellet.

Desse artane veks vilt i Noreg: Kjertelaugnetrøyst (E. stricta), livskraftig (LC), med underartane Bakkeaugnetrøyst (E.s. ssp. brevipila), ikkje raudlistevurdert separat Beiteaugnetrøyst (E.s. ssp. tenuis), ikkje raudlistevurdert separat Shetlandsaugnetrøyst (E. arctica), livskraftig (LC) Tromsaugnetrøyst (E. hyperborea), livskraftig (LC) Gråaugnetrøyst (E. nemorosa), livskraftig (LC) Småaugnetrøyst (E. wettsteinii), livskraftig (LC), med underartane Nominatunderarten fjellaugnetrøyst (E.w. ssp. wettsteinii), livskraftig (LC) Myraugnetrøyst (E.w. ssp. palustris), livskraftig (LC) Lyngaugnetrøyst (E. micrantha), livskraftig (LC) Skotsk augnetrøyst (E. scottica), nær truga (NT) i Raudlista 2021, Lappaugnetrøyst (E. salisburgensis), livskraftig (LC)

Fleire andre artar har vore rapporterte, men materialet for desse er førebels lite studert: Heiaugnetrøyst (E. confusa), nær truga (NT) i Raudlista 2021, Hebridaugnetrøyst (E. foulaënsis), ikkje raudlistevurdert Saftaugnetrøyst (E. ostenfeldii), ikkje raudlistevurdert Russeaugnetrøyst (E. saamica), ikkje raudlistevurdert Euphrasia tetraquetra, ikkje raudlistevurdert

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Snylterotfamilien Kategori:Planteslekter