mini|Kvasaren Markarian 205 (Mrk 205) (oppe til høgre) og den mykje nærare spiralgalaksen NGC 4319. Med ein avstand på rundt 1 milliard lysår frå jorda er Mrk 205 ein relativt nærliggjande kvasar. Spiralgalaksen NGC 4319 ligg til samanlikning rundt 80 millionar lysår unna jorda, men er ikkje ein kvasar.«Odd Couple Widely Separated by Time and Space» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av dei to objekta Mrk 205 og NGC 4319. Kvasarar (frå QSRS, forkorting på engelsk for quasistellar radio source, 'kvasi-stellar radiokjelda') er den mest lyssterke kategorien av aktive galaksekjernarTeke frå artikkelen «quasar» s. 327-328 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002., og nokre av dei kan senda ut stråling tilsvarande 10 milliardar soler.«Quasar host galaxies» - sida om kvasarar på heimesida til Hubble. Kvasarar skyldast truleg at supermassive svarte hòl i galaksekjernane trekker til seg store mengder av materie i form av gass og stjerner. Intens stråling blir frigjeven når denne materien fell ned i det svarte hòlet.
Kvasarar er nokre av dei fjernaste objekta i universet og har difor høg raudforskyving.Frå oppslagsordet «kvasar» i ordlista på heimesida til Institutt for teoretisk astrofysikk. Ein av dei næraste kvasarane er 3C 273, som med ein lysstyrke på 12,8 magnitude er synleg som ei stjerna i moderate amatørteleskop. Med ein avstand på rundt to milliardar lysår er kvasaren det fjernaste objektet som kan observerast av amatørastronomar.
Sjå òg
supermassivt svart hòl
Bakgrunnsstoff
Hubble-bilete av kvasarar og aktive galaksekjernar
Kjelder
Kategori:Radioastronomi Kategori:Typar av aktive galaksar