For det taksonomiske omgrepet, sjå biologisk familie Familie, av latin famulus 'tenar'Familie i Nynorskordboka var i romarretten ei nemning for personar som budde saman i eit hushald. I nyare tyding er familien personar som deler hushald og som er bundne til kvarandre gjennom ekteskap, slektskap eller adopsjon.Familie i SNL I tillegg må vi i dag rekne dei som er knytt til hushaldet gjennom partnarskap eller sambuarskap som ein del av familien.
I Noreg kan ein skilje mellom kjernefamilien, som omfattar foreldra og barna deira, og storfamilien, som kan omfatte nærskylde personar over fleire generasjonar og som bur i lag t.d. på eit gardsbruk. Eit diffust omgrep som «storfamilie» kan og ha andre og vidare tydingar.
Kjelder
Sjå òg Funksjonstapping av familien Stamme Generasjonsfamilie - Ein familie der fleire generasjonar bur saman. Skilsmisse Sambuarskap
Kategori:Slekt Kategori:Samliv Kategori:Daglegliv