Prinsesse Diana av Wales () var den første ektefellen til den britiske tronarvingen prins Charles av Wales. Dei fekk to søner, prinsane William og Harry, nummer to og tre i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.
Diana Spencer kom frå ein gammal engelsk adelsfamilie og blei verdskjend frå trulovinga si med prins Charles i 1981. Diana var ei særs folkekjær prinsesse og engasjerte seg i veldedig arbeid som Den internasjonale kampanjen mot landminer og barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital. Ho fann likevel livet som kongeleg og gift med prins Charles vanskeleg, og ekteparet skilde seg i 1996. Då ho døydde i ei bilulukke året etter reagerte folk i Storbritannia med stor, offentleg sorg.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Diana, Princess of Wales» frå , den 18. oktober 2010. Delar av denne artikkelen bygger på «Prinsesse Diana av Wales» frå , den 20. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Walisiske prinsesser Kategori:Døde i trafikkulukker