Jean Baptiste Édouard Detaille () var ein fransk målar. Detaille måla detaljert og nøyaktig akademisk kunst, og er særleg kjend for sine militærmåleri som skildra enkeltsoldatar, slag og militærhistorie.

Édouard Detaille blei lærling av Jean-Louis-Ernest Meissonier i 1865 og debuterte på salongen i Paris i 1867. Han var med i den franske hæren under den fransk-prøyssiske krigen 1870-71, og fekk med dette ein ny motivkrets. Saman med Alphonse de Neuville måla han to panoramabilete med motiv frå krigen.

Etter ein ekspedisjon til Tunisia måla Detaille slag derfrå, og eit opphald i Russland førte til ei rekke slag-skildringar for tsar Aleksander III.

Detaille gav ut kunstbøker, mellom anna L'Armée Française (1885-1889), som skildra uniformer brukte i hæren.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Édouard Detaille» frå , og «Édouard Detaille» frå den 23. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske målarar Kategori:Akademiske målarar Kategori:Militærkunst