Fet og Joranger er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Området ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane og dekkjer Indre Hafslo. Soknet har to kyrkjer, Fet kyrkje frå 1884 og Joranger kyrkje frå 1600-talet. Begge stadene har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Tidlegare var Fet og Joranger to sjølvstendige sokn i Hafslo prestegjeld, men i 1967 vart dei overførde til Jostedal prestegjeld og slegne saman til eitt sokn.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Joranger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Fet og Joranger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Luster kommune Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti