Stikkemyggar er ei gruppe myggar som omfattar rundt 2 700 artar i 35 slekter. I Europa førekjem 106,Fauna Europaea 38 av desse er påviste i Noreg.

Namnet sitt har dei fått fordi hoene av mange artar stikk pattedyr og/eller fugl og syg blod frå dei. Somme artar, til dømes malariamyggane (Anopheles), er spreiarar av fleire former for smitte og utgjer store medisinske problem. Andre artar er heilt ufarlege. Dei mest plagsame artane for menneske i Noreg høyrer til slekta Aedes.

Levesett Stikkemyggar har, som andre tovenger, fullstendig forvandling; ein livssyklus med egg, larve, puppe og vakse insekt eller imago. Detaljane i denne varierer frå slekt til slekt, men dei har det alle felles at larvane er reint vasslevande og pustar i luft gjennom spesielt utvikla pusterøyr på bakkroppen.

Dei ulike artane er ofte knytt strengt til ulike habitat. I Noreg finn ein til dømes larvar av Anopheles vexans og A. sticticus berre i elvedelta som fløymer over under snøsmeltinga, medan A. dorsalis og A. detritus er knytt til brakkvassdammar på strandenger.

Artar i Noreg mini|høgre|200px|Larvar av ein Culex-art. Det er typisk for stikkemyggar å henga vertikalt i vassflata, der dei pustar luft gjennom bakkroppen sin. mini|høgre|230px|Puppe av Anopheles mini|høgre|230px|Culiseta longiaerolata

Slekt Anopheles - malariamyggar A. claviger A. maculipennis (omfattar sannsynlegvis minst 2 artar, uklar systematikk) A. messae Slekt Coquillettidia C. richiardii Slekt Culex C. pipiens C. territans C. torrentium Slekt Culiseta C. alaskaensis C. annulata C. bergrothi C. fumipennis C. morsitans C. subochrea Slekt Aedes A. cantans A. caspius A. cataphylla A. cinerus A. communis A. detritus A. diantaeus A. dorsalis A. exrucians A. geniculatus A. hexodontus A. impiger A. intrudens A. leucomelas A. nigrinus A. nigripes A. pionips A. pullatus A. punctodes A. punctor A. riparius A. rossicus A. sticticus A. vexans

Kjelder Mehl, Reidar: "Culicidae - Stikkemygg" i Aagard, K & Dolmen, D (red): Limnofauna norvegica Tapir forlag, Trondheim 1996. ISBN 82-519-1214-8 Tysk wikipedia

Kategori:Myggar Kategori:Modellorganismar