Meißen eller Meissen er ein by med om lag 30 000 innbyggjarar, 25 km nordvest for Dresden på begge sider av elva Elbe i Sachsen, aust i Tyskland. Meissen er heimstad for Meissenporselen, Albrechtsburg, den gotiske Meissen domkyrkje og Meissen Frauenkirche. Große Kreisstadt er hovudstad i Meißen landkreis.
Historie Meissen vert stundom kalla «vogga til Sachsen». Byen voks opp frå den tidleg slavisk busetnaden Misni, og vart grunnlagd som ein tysk by av kong Henrik fuglefangar i 929. I 968 vart bispedømet Meissen grunnlagd, og Meissen vart eit bispesete for ein biskop. Det katolske bispedømet vart undertrykt i 1581 etter at bispedømet aksepterte protestantismen under reformasjonen (1559), men vart gjenopppretta i 1921 med sete først i Bautzen og i dag i Katholische Hofkirche i Dresden.
Markgrevskapet Meissen vart òg grunnlagd i 968 med byen som hovudstad for markgreven. Han vart ein kjøpstad i 1000 og vart ein del av kongedømet Polen i 1018 under Boleslaw I den modige. Alt i 1032 gjekk han tilbake til keisar Konrad II og i 1089 til Huset Wettin. Byen var i frontlinja for Ostsiedlung, den tyske koloniseringa av dei slaviske landområda aust for Elbe. I 1332 fekk han tyske byrettar.
Bygginga av domkyrkja i Meissen tok til i 1260 på same åsen som Albrechtsburg ligg. Plassmangel førte til at domkyrkja vart ei av dei minste i Europa. Kyrkja er i dag kjend som eit av dei beste døma på gotisk arkitektur.
Under den andre verdkrigen låg ei avdeling av Flossenbürg konsentrasjonsleir ved Meissen.Christine O'Keefe.Concentration Camps.www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html
Galleri
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meissen» frå , den 7. desember 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vinområde i Tyskland Kategori:Byar i Sachsen