Around the Sun er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 2004. Albumet fekk blanda mottaking av kritikarane, og nådde berre 13. plass på Billboard-listene, men vart nr. 1 på dei britiske albumlistene. I 2005 drog bandet ut på den fyrste verdsturnéen med full lengde sidan turnéen i høve plata Monster ti år tidlegare. Under turnéen deltok dei også på London-konserten til Live 8.

Innhald Alle tekstane og melodiane er ved Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

«Leaving New York» – 4:49 «Electron Blue» – 4:12 «The Outsiders» (med Q-Tip) – 4:14 «Make It All Okay» – 3:43 «Final Straw» – 4:06 «I Wanted to Be Wrong» – 4:34 «Wanderlust» – 3:04 «Boy in the Well» – 5:22 «Aftermath» – 3:52 «High Speed Train» – 5:03 «The Worst Joke Ever» – 3:37 «The Ascent of Man» – 4:07 «Around the Sun» – 4:29

Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på «Around the Sun» på Engelsk Wikipedia Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)

Kategori:Musikkalbum frå 2004 Kategori:R.E.M.-album