For fjorden med liknande namn, sjå Arnafjorden

Arnafjord er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet femner det vestre området i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei kyrkje i soknet, ho heiter Arnafjord kyrkje og ligg i grenda Nese på vestsida av Arnafjorden.Margrethe Henden Aaraas, og Sigurd Vengen: «Arnafjord kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Den noverande kyrkja vart sett opp i 1880 og erstatta ei kyrkje frå 1645 som var vorten for lita. Før det var kyrkjestaden for området på Flete ved Framfjorden, der stod det ei stavkyrkje frå 1300-talet til 1645. «Arnafjord kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Arnafjord er òg namnet på ein grunnkrins i Vik kommune. Grunkrinsen femner landet på vestsida av Arnafjorden og grensar til Finden grunnkrins i vest, Framfjord grunnkrins i aust og Hordaland fylke i sør. SSB: Kart over grunnkrinsar i Vik kommune Ved folketeljinga i 2001 budde det 84 personar i Arnafjord grunnkrins. SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1417 Vik» s. 51

Kjelder Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Arnafjord bygdeutval Om Arnafjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti Kategori:Vik kommune