David William Donald Cameron () er tidlegare statsminister i Storbritannia og partileiar for Det konservative partiet i Storbritannia. Han vart statsminister 11. mai 2010 og gjekk av etter folkerøystinga om EU-medlemskap den 13. juli 2016.
I parlamentet representerte han valkrinsen Witney (frå 2001). Han blei medlem av det konservative skuggekabinettet i september 2004. Den 29. september 2005 kunngjorde han at han stilte som kandidat til å bli partileiar for det konservative partiet.
Cameron er utdanna ved den prestisjetunge privatskolen Eton College og ved Universitetet i Oxford, der han studerte statsvitskap, filosofi og økonomi. Før han blei vald inn i det britiske parlamentet som medlem for Witney, arbeidde han med PR i medieselskapet Carlton Communications. Tidlegare har han òg arbeidd som politisk rådgjevar for finansminister Norman Lamont og innanriksminister Michael Howard i John Major si konservative regjering (1992-1997).
I løpet av perioden sin som partileiar førte Cameron Det konservative partiet mot sentrum i britisk politikk, og dette var noko av grunnlaget for den framgangen partiet fekk ved parlamentsvalet i 2010.
Cameron er gift med Samantha Sheffield (fødd 1971) og har to born, fødde i 2004 og 2006.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Cameron» frå , den 15. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske statsministrar