Clement Endresen () er ein norsk jurist og tidlegare høgsterettsdommar. Han tok cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1974. Han har tidlegare jobba som universitetslektor på same stad, dommarfullmektig i Sandnes heradsrett, advokatfullmektig hjå Regjeringsadvokaten og som partnar i advokatfirmaet Kluge. Han vart utnemnd til høgsterettsdommar i april 2006 og sat fram til 31. oktober 2019. Han er son av Egil Endresen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Clement Endresen» frå , den 16. desember 2008.
Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå Stavanger