Ivar Fonnes () er ein norsk arkivar, og frå 2006-2014 riksarkivar i Noreg, det vil seie leiar for Arkivverket og Riksarkivet.

Han er utdanna cand.philol. ved Universitetet i Oslo med hovudfag i historie. I tillegg har han russisk og statistikk. Fonnes vart tilsett som leiar for EDB-avdelinga på Riksarkivet i 1983. Før dette jobba han ved Universitetet i Oslo som EDB-konsulent, amanuensis og fyrsteamanuensis. I 1990 vart han utnemnd til avdelingsdirektør og leiar for ei av storavdelingane i Riksarkivet. Før han vart riksarkivar 1. august 2006 var han assisterande direktør i Riksarkivet.

Fonnes har vore leiar for vidareutviklinga av NOARK-standarden for elektronisk journalføring og arkivering. Han var leiar for det offentlege utvalet som laga NOU 2005:6 Siste stopp for pasientjournalene. Han har skrive Arkivhåndboken for offentlig forvaltning.

Bakgrunnsstoff «Ivar Fonnes tiltrådte i embetet som Riksarkivar i dag, 1. august» på Arkivverket BT, 30.07.06: Historieinteresserte vestlendinger NOU 2006:5 Siste stopp for pasientjournalene.

Kategori:Norske riksarkivarar Kategori:Folk frå Bømlo